Anton (13) og Madeleine (17) skal tene 100.000 på tre veker

Rekordmange ungdommar har kystfiske som sommarjobb.

Publisert:

FISKARAR: Anton og Madeleine Eidesvik set teiner tre gongar pr. dag for å fylle leppefiskkvoten så raskt som råd. Foto: Paul S. Amundsen

Tretten år gamle Anton Eidesvik står bak rattet medan båten «Bertha» bryt gjennom tjukk tåke forbi undervasskjæra mellom øyane utanfor Espevær, heilt sør på Bømlo.

– Det er litt ekkelt, vi har ikkje hatt så mykje tåke før. Hadde vi ikkje hatt dei gamle rutene våre på GPS, ville vi nok ha køyrt oss ville, seier båteigar Madeleine Eidesvik.

I sommar deltek dei to søskena for andre gong i ungdomsfiskeordninga. Gjennom denne får ungdommar mellom 12 og 25 år høve til å jobbe som kystfiskarar om sommaren.

Madeleine og Anton er vakse opp ved Vespestadsvågen, like innanfor Espevær, med Nordsjøen som næraste nabo. Her må ein kjenne farvatnet og halde tunga beint i munnen for ikkje å gå på skjær. Når vêret er dårleg vert faren deira, Lars Anton, med på sjøen.

VESPESTADSVÅGEN: Anton og Madeleine Eidesvik har leppefiskfangst som sommarjobb. Foto: Paul S. Amundsen

Truleg dobbelt så mange ungdomsfiskarar som i fjor

I fjor hadde litt under 200 ungdommar sommarjobb som fiskar gjennom ordninga. I år kan det verte dobbelt så mange med sjøen som arbeidsstad.

Rundt 400 ungdommar har i slutten av juli fått løyve til å fiske.

Storebroren til Anton og Madeleine, 19 år gamle Emil Eidesvik, er òg med. Han har sin eigen båt og er deira argaste konkurrent.

Når Anton skal dra opp dei første teinene ringjer rivalen.

Storebror har fått motorstopp litt bortanfor og må tauast til land.

LEPPEFISK: Bergnebb, grønngylt og berggylte går under samleomgrepet leppefisk. Ei berggylte vert selt for rundt 34 kroner. Dei mindre fiskane vert selt for kring 14 kroner pr. stykk. Foto: Paul S. Amundsen

Den gule blåsa duppar i sjøen like ved ei av dei små øyene nord for Espevær. Teinene ligg mellom tang og tare på rundt tre meters djupne. Madeleine har tatt plass bak rattet. Ho manøvrerer båten slik at dei får blåsene på høgre side.

Anton gjer seg klar med båtshaka. Med eit rykk dreg han teina opp frå sjøen. Madeleine bremsar båten. Veslebroren tømmer teina på eit arbeidsbord med eit lite hol på enden. Her målar Anton fiskane før han skubbar dei ned i holet og inn i ein vasstank.

På eit godt drag får dei tre leppefiskar pr. teine. Skal dei nå målet om 50.000 kroner kvar, må dei fange over hundre fiskar dagleg.

BERGAR KONKURRENTEN: Søskena Anton og Madeleine tauar storebroren Emil (19) tilbake til fastlandet. Foto: Paul S. Amundsen

Faren og storesøstera skvett litt til, noko langt og sleipt sprellar rundt i teina. Men Anton er ikkje redd.

– Eg likar ål, dei er kule dyr, men eg likar ikkje edderkoppar, seier han.

Fiskaren brukar hendene til å hjelpe den ut av teina og tilbake i sjøen

Det ligg òg tre leppefiskar og sprellar i teina. Ei av dei er ei berggylte, verd 34 kroner.

FISKARFAMILIE: Madeleine dreg opp ei teine medan far Lars Anton Eidesvik følgjer med. Foto: Paul S. Amundsen

Anton målar fiskane og legg dei i tanken. Så hiv han tre reker inn i teina, og set den ned ved sidan av tanken. Når dei har dratt opp dei fem teinene, tel Madeleine fiskane, medan broren kastar teinene ut att.

– Det er kjekkast å dra teinene, då får eg gratis trening på kjøpet, seier Anton.

LAGARBEID: Manøvrering av båt og draging av teiner er vanskeleg å gjere åleine. I sin andre sesong som kystfiskarar er søskena godt samkøyrde i arbeidet. Foto: Paul S. Amundsen

Har kjøpt utstyr for fleire hundre tusen

Alle ungdommane i familien Eidesvik har eigen båt. Fiske har vore hovudinntekta til familien i mange generasjonar.

Lars Anton Eidesvik har investert fleire hundre tusen i utstyr til ungdommane før denne sesongen. Båten til Madeleine kosta faren over 200.000 kroner.

Han meiner reglane burde endrast, slik at fleire ungdommar kan dele båt og fiske for meir enn 50.000 kroner pr. fartøy.

– Det ville vore meir effektivt, miljøvenleg og tryggare for ungdommane, seier Lars Anton Eidesvik.

HAVETS GULL: For litt over hundre år sidan var det storstilt gullgruvedrift på Bømlo. No jaktar ungdommen gull på havet i staden. Foto: Paul S. Amundsen

Føretrekker å fiske framfor å vere på sydenferie

Eidesvik er sjølv fiskar og set stor pris på at ungdommane har funne gleda ved fiskarlivet. No ofrar han sommarferien for å hjelpe dei.

– Vi var i Kroatia for to veker sidan. Etter tre dagar var ungane lei. Dei ville heim og fiske, seier han og ler.

Publisert: