– Eg snudde meg og såg utover vatnet, der susa ei skypumpe bortover

Lynnedslag, kraftig nedbør og vind fleire stadar på Vestlandet. Eit taulag på Nigardsbreen fekk ei oppleving dei seint vil gløyme.

Publisert:

Irene Kristin Naalsund gjorde seg klar til bretur på Nigardsbreen i Luster da vêret plutseleg slo om.

– Vi stod og knytte oss saman i taulag. Det var strålande sol. Eitt minutt seinare small det. Lyn flerra nedover himmelen. Eg snudde meg og såg utover vatnet, der susa ei skypumpe bortover. Langs vatnet var det fleire tre som velta og ei kai blei snudd opp ned, fortel Naalsund.

Les også

Frykter flere branner denne uken

Ikkje bitter

Eit taulag på breen måtte ifølgje Naalsund leggje seg ned for å få ly frå vinden.

– Alle i området måtte snu seg mot breen, vi vart piska av vind, hagl og regn. Eit så snart skifte i vêret har eg aldri opplevd før, seier Naalsund.

Sjølv om breturen vart avlyst er ikkje Naalsund bitter.

– Vi fekk oss ei fantastisk naturoppleving, seier ho.

MÅTTE SNU SEG: Irene Kristin Naalsund og taulaget hennar måtte snu ryggen til uvêret. Foto: Irene Kristin Naalsund

Bølgjer på campingplass

Vestlandet har fått herja seg i uvêr tysdag. I Nordfjord kom det overraskande på mange.

Janne Helen Hogrenning Eiming var på Sande Camping i Stryn da himmelen opna seg.

– Eg har aldri opplevd eit så raskt og kraftig uvêr, seier ho.

– Det var eit kortvarig, men kraftig vêr. Torebyger, lyn, kraftig vind og bølgjer kom plutseleg inn over campingplassen. Og like raskt vart det stille, legg ho til.

EIN TIME SKILNAD: Uvêret kom og forsvann fort ved Lovatnet i Stryn kommune. Foto: Janne Hogrenning Eiming

Lynnedslag gav skogbrann

Brannvesenet i Sogn og Fjordane var tidlegare på dagen oppteken med sløkking av to skogbrannar. Lynnedslag forårsaka begge.

På Skjolden i Luster kommune blei skogbrannhelikopter kalla inn for sløkke ein skogbrann i ulendt terreng. Dette gav god effekt.

Ein skogbrann i Fresvik i Vik brann sannsynlegvis ut av seg sjølv, men blir halde under observasjon.

Les også

Brannvesenet rykket ut til syv branner

Seint tysdag kveld fortel vatkleiar Siv Sørstrand at brannen på Skjolden blir rekna som slukka.

– Brannen på Skjolden blir rekna som slukka. I Fresvik er det fortsatt utklart om brannen er slukka. Skogbrannhelikopteret skal ta eit sveip over området, seier vaktleiar Siv Sørstrand ved Alarmsentralen Sogn og Fjordane like før klokka 22.

VÅTT: Byene låg tett over Bergen i 16-tida tysdag. Foto: Skjermdump frå Yr

Kraftig nedbør onsdag

Ina Ynnesdal, meteorolog i Storm, fortel at det vil bli enorme lokale forskjellar i vêret. Som hurtige endringar, og høve der himmelen «opnast opp».

Slikt gjer det vanskeleg å varsle.

– Dei kraftige torenbygene fører ofte med seg kraftige vindkast. Det er det som har skjedd i dalføra kring Jostedalsbreen i ettermiddag, seier ho.

Særskilt er det dei indre delane av Sogn og Fjordane som vil merke det kraftige, kortvarige regnet.

Vêret bevegar seg i retning nord-nordvest. Torsdag er det venta å gje seg.

– Denne typen nedbør er heilt vanleg etter lange varmeperiodar, seier Ynnesdal.

Publisert: