• STASJONÆRT: Det finst dei som tek enkeltovernattingar, men dei fleste gjestene på Fjon Camping er nokså fastgrodde med husvognene og tretelta sine. FOTO: OVE ARNE OLDERKJÆR

Kosar seg i villniss av tretelt

Vil du sjå hyttedraumar bli utlevd på rimeleg og lett kaotisk vis, dra til Fjon Camping. Ved Sveios austvende strender kosar byfolk seg i campingvogner med store og rare utvekstar.