Fleire hundre i demonstrasjon mot frikjenning av valdtekt

— Eg kunne ikkje la vera å koma, seier Rita Krossli (62). Måndag arrangerte Kvinnefronten demonstrasjonar over heile landet, òg i Bergen.

ENGASJEMENT: Den såkalla Hemsedal-saka røskar i samfunnet. Måndag arrangerte Kvinnefronten demonstrasjonar over heile landet. Foto: GURO VALLAND

  • Guro Valland
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over fire år gammel

«Me står her i dag fordi det har skjedd ei valdtekt. I dag står me med Andrea. Alle andre dagar må me ta kampen mot valdtekt saman».

Orda høyrer til Sunniva Schultze-Florey frå Feministisk Initiativ, som haldt appell

Les også

under demonstrasjonen «Rettssikkerhet for kvinner»

.

Folk jubla for Schultze-Floreys utsegn, men alvoret i saka låg tungt over Torgallmenningen.

— Korleis i all verda skal kvinner tora å melda valdtekt etter denne dommen her, spør Rita Krossli, ei av dei frammøtte.

Eirin Eikefjord om Hemsedal-saka:

Les også

Folkets dom

SYNTE STØTTE: Rita Krossli (62) fortel at ho aldri før hadde delteke i ein demonstrasjon, men no klarte ho ikkje å la vera. - Dette er ei sak me må stå på for. Ein slik nedlatande haldning til valdtekt kan me ikkje akseptera, seier ho. Foto: GURO VALLAND

— Ei stor skam

Konklusjonen i saka har skapt harme i allmenta.

Les også

Fleire tusen møtte opp i ti norske byar.

Initiativet til demonstrasjonen vart reist etter at tre menn, som var tiltalt for valdtekt av ei 18 år gammal kvinne i Hemsedal i mars 2014, vart frikjende i lagmannsretten.

I saka meinte tre av fire meddommarar at det ikkje var tilstrekkeleg bevist at kvinna si oppførsel tilsa at ho var ute av stand til å motsetja seg dei seksuelle handlingane, og at dei tiltalte handla forsettleg. Domfelling krev tilslutting frå fem dommarar.

— Lekfolk skal representera deg, meg og alle andre, men dette kan eg ikkje vera med på. Det er nedverdigande at samfunnet har ei slik haldning til valdtekt i dag. Rett og slett ei stor skam, seier Krossli.

Målet med Kvinnefrontens demonstrasjon var å setja søkjelys på rettsvesenets handsaming av valdtektssaker.

Jusprofessor om Hemsedal-saka:

Les også

Burde vore anka for Høgsterett

Skal ha vore livlaus

— Dei har teke frå meg noko eg aldri får attende, sa Andrea Voll Voldum til VG førre veke, og fortalde at ho vart dopa ned og valdteken av dei tre mennene. Dei har på si side hevda at ho var både delaktig og deltok frivillig.

Mange har vanskar med å skjøna at dommarane dømde som dei gjorde, særskilt sidan

Les også

Fkvinna var rusa

. Taxisjåføren som køyrde Voldum og mennene til hytta der valdtekta skal ha funne stad, har forklart at ho var livlaus under turen.

— Viss dei tre dommarane på eit vis har forårsaka dette utfallet, så syns eg det bør verta kravd meir opplæring og introduksjon til vervet, seier ei kvinne under demonstrasjonen, til BT. Ho ønskjer å vera anonym, då ho fortel at ho sjølv er meddommar.

— Folk seier at meddommarar tek for lett på dette, og meiner damene har seg sjølve å takka. Inntrykket mitt er at særskilt den eldre garde har sine eigne haldningar til dette.

APPELL: Maria Halvorsen snakka til dei frammøtte. Ho var ein av arrangørene av demonstrasjonen «Rettssikkerhet for kvinner».

Advokat: — Lynsjemobb

I etterkant av dommen har namna til dei tiltalte vorte publiserte på ulike nettsider. Ein av dei har no drege ut av landet fordi han fryktar for sin eigen tryggleik.

Advokat Arne Seland, ein av dei tiltalte sin forsvarar, seier til NRK at demonstrasjonane er med å piska opp stemninga.

— Dei bidreg til ein endå større lynsjemobb. Me må hugsa at min klient og dei to andre som var tiltalt, alle er frikjende i to rettsinstansar.

Kvinnefronten etterlyser på si side meir skolering av lekdommarar og dommarar, ifølgje NTB.

— Dei må få betre innsikt i kva samtykke inneber, korleis rus fungerer, kva valdtekt gjer med eit menneske. Det er tydelegvis eit stort behov for det i valdtektssaker, seier talskvinne Tina Skotnes.

Andrea Voll Voldum seier til NTB at ho håpar det skjer ei endring.

— Eg ønskjer å stilla spørsmål ved juryordning og meddomsrett i Noreg på grunn av det eg har opplevd.

SAMTYKKESPØRSMÅL: - Det er det noko i samfunnet som ikkje fungerer når dette kan skje, seier Truls Quistgaard. Veninna Monica Ricke er samd. Ho er særskilt oppgjeven over korleis spørsmålet om samtykke er vorte vurderte.- Det er tåpeleg at verda er som dette. Alle skal verta tekne vare på. Eit ja er eit ja, og alt utanom skal berre verta rekna som eit nei, seier ho. Foto: GURO VALLAND

Meddommar hetsa

Samstundes har ein av meddommarane i den såkalla Hemsedal-saka motteke hetsande tekstmeldingar, ifølgje TV 2.

«Du er en grusom person», «Håper du blir utsatt for voldtekt» og «Hvordan kan du vise deg offentlig», heiter det i nokre av meldingane som skal ha vorte sendt dei siste dagane.

«Jeg hadde aldri sett for meg en sånn spredning, og det er ikke ok», skriv meddommaren i ein sms til kanalen. «Er det ingen rettssikkerhet for meddommere», spør vedkomande.

Domstoladministrasjonen er uroa over utviklinga.

— Meddommarar utfører eit samfunnsoppdrag. Hets og sjikane er ikkje på sin plass, seier kommunikasjonsdirektør Erling Moe til NTB.

APPELL: Guttorm Johnsen held appell for dei frammøtte. Foto: TOR HØVIK

Les også:

Les også

«Ba jeg egentlig om å bli voldtatt?»

-Ekstrem urett

Bergensbandet Razika var mellom dei som oppfordra folk til å delta i demonstrasjonen.

— Saka er eit døme på ekstrem urett. Sjølv om Noreg er langt framme på andre måtar, syner dette at rettssystemet er urettferdig. Då er det viktig at folk seier frå om at ho vorte urettferdig behandla, fortel Embla Karidotter, som speler trommer i bandet.

Som offentlege personar har ein eit ansvar for å ta stilling i saker som dette, meiner Karidotter.

— Kva ønskjer du skal vera effekten av å delta i demonstrasjonen?

— Det er tydelegvis noko som bør endrast med meddommarordninga. Det verkar ikkje som om dei har gått inn i saka.

SYNTE STØTTE:- Det er forferdeleg at noko slikt kanskje. Saka vert samstundes endå nærare når me sjølve har ei dotter, seier Hilde Lægreid Loodtz (i midten). Her saman med ektemannen Danckert Loodtz og dottera Tuva Loodtz (13). Foto: GURO VALLAND

Hilde Lægreid Loodtz er samd med Karidotter. Ho hadde teke med seg mannen og dottera til Torgallmenningen måndag kveld.

— Dommen var urettferdig. Urett er gjort mot Andrea, seier Loodtz.

— Når urett er vist, er det viktig at folk seier frå. Meddommarordninga er bra, men det er heilt uforståeleg at noko slikt kan skje i dag, seier Danckert Loodtz.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent

Les mer om dette temaet

  1. Blendet av fordommer

  2. De vanskelige voldtektene

  3. Voldtektssiktet blir varetektsfengslet i fire uker

  4. Merkelig eliteforakt

BT anbefaler

Sønnen deres ble skutt av politiet. Nå forteller de om Morten.

Vibekke og Lasse Michelsen vil at du skal vite at Morten fikk gjort mye før han ble psykisk syk.