Vurderer stenging av fleire fjellovergangar

Uvêr med kraftig snøfokk medfører kolonnekøyring på fleire fjellovergangar.

Publisert:

HAUKELI: Slik såg det ut over Haukelifjell i morgontimane søndag. Foto: Statens vegvesen

HARDANGERVIDDA: Slik såg det ut ved Dyranut søndag morgon. Foto: Statens vegvesen

E 134 over Haukelifjell er det kolonnekøyring for alle. På riksveg 13 over Vikafjellet var det tidlegare kolonnekøyring, men klokka 15:45 meldar Vegtrafikksentralen om at vegen no er stengt på grunn av uver.

Det er også kolonnekøyring på riksveg 7 over Hardangervidda. Vegen var opna for fri ferdsel i eit pat timar tidlegare, men gjekk tilbake til kollonekøyring i to tida. Vegvesenet melder om snø og isdekke, redusert sikt og kraftige snøbyger.

Vegtrafikksentralen melder også om vanskelege køyreforhold med snø- og isdekke på fleire fjellovergangar i Sør-Noreg. Ifølgje Vegtrafikksentralen kan det bli innført kolonnekøyring og stengingar på kort varsel. Dette gjeld blant anna riksveg 15 Strynefjellet, riksveg 52 Hemsedalsfjellet og fylkesveg 50 Hol-Aurland.

Vegen over Gaularfjellet er stengd. Der melder Vegvesenet at dei vil gjera ei ny vurdering måndag klokka 09.00.

Det er også fylkesveg 51 Valdresflye i Oppland, der ein skal gjera ei ny vurdering i løpet av søndagen.

Vegen over Sognefjellet er vinterstengd.

Publisert: