Bompengesjokket i Bergen: – Dette kan utradere Frp fullstendig

PODKAST: Bompengepartiet håvar inn stemmer, medan Frp er blitt byens minste parti. – Eg fekk sjokk, seier politisk kommentator i BT.

DRAR STEMMER: Leiar for FNB (Folkeaksjonen nei til meir bompengar), Trym Aafløy er blitt byens mest populære politikar ifølgje BT si siste måling. Marita Aarekol

FNB er blitt det største politiske partiet i Bergen.

I den siste BT-målinga seier kvar fjerde bergensar at dei vil gi si stemme til bompengelista.

– Det er jo overraskande. Dette er større politisk enn nokon kunne sett for seg, seier leiar for FNB (Folkeaksjonen nei til meir bompengar, Trym Aafløy i podkasten.

Målinga sender flodbølgjer gjennom bergenspolitikken.

– Dette kan utradere Frp i Bergen. Dersom bompengeopprøret spreier seg til andre byar, kan det skape store problem nasjonalt også, seier politisk redaktør i Bergens Tidende, Frøy Gudbrandsen.

Ho er gjest i BT20 saman med politisk kommentator i BT, Morten Myksvoll, som er sjokka over målinga.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Spotify eller søk den opp i din app. Du finn den også i vår nye podkast-app BT Lytt, som du kan finne i App Store eller Google Play.

I STUDIO: Programleiar Ingvild Nave, politisk kommentator Morten Myksvoll og politisk redaktør Frøy Gudbrandsen. Bård Bøe