Motorsykkel-batteri var årsak til garasjebrannen i Brønndalen

– Lading av elbil er tema i etterforskinga, sa politioverbetjent Svein Føllesdal etter garasjebrannen i Brønndalen i Loddefjord. No viser etterforskinga at lading av motorsykkel-batteri var brannårsaka.

Publisert Publisert

MOTORSYKKELEN: Det var den utbrente motorsykkelen bak bilen som var startpunktet for brannen i Brønndalen. Foto: BÅRD BØE

  1. Leserne mener

– Elbilen er ikkje lenger vurdert som startpunktet til brannen, seier politioverbetjent Føllesdal.

Onsdag I førre veke rykka brannvesen og politi ut til ein garasjebrann under ei lågblokk i Brønndalen i Loddefjord.

Politiet var då raske til å peike på lading av elbil som fokuspunkt for etterforskinga for brannen.

– Vi ser no at det mest truleg var lading av batteriet på motorsykkelen som starta brannen, seier Føllesdal.

Etterforskinga er ikkje heilt med vegs ende, men Føllesdal seier dei har konkludert.

– Eg kan ikkje sei noko om ladingssystemet som var brukt var sikkert nok, alle spor etter det er brent vekk.

Politiet opprettar ein sak på grunnlag av opplysningane.

To av 998 brannar er elbil

Elbilen i fokus byrja aldri å brenne. Dette sjølv om motorsykkelen som var startpunktet stod rett bak og vart heilt utbrent.

RICE Fire Research i Trondheim laga saman med Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap ein rapport om lading av elbil i garasjeanlegg.

Den viste at av 998 garasjebrannar i perioden 2016 til 2018, starta berre to av dei i elbil.

Det er ikkje oppgitt om desse to lada eller ikkje.

– Det er uansett ingenting som tilseier at ein elbil som ladar er farlegare enn ein bensinbil, sa forskingsleiar på RICE Fire Resarch, Christian Sesseng.

Publisert