Bomkrise i regjeringa: – Redninga for Erna er truleg å legge masse pengar på bordet
PODKAST: Berre tre veker før valet er regjeringa fanga i ein gordisk bompengeknute. Klarer Erna Solberg å redde regjeringsprosjektet sitt frå havari?

Folkeaksjonen mot bompengar (FNB) flyr høgt på målingane før valet, medan regjeringspartia slit med å ikkje styrte heile regjeringsprosjektet.
– Dei har kjempedårleg tid på å bli einige om ein bompengeavtale. Ingen kan drive skikkeleg valkamp slik det er no, seier politisk redaktør i BT, Frøy Gudbrandsen.
Årsaka til konflikten innanfor regjeringa er ei mystisk bompengeskisse – FrP seier dei fire partia er einige om ein avtale der dei skal auke løyvingane til kollektivutbygging, og kutte i bompengane.
Problemet er at Venstre seier blankt nei til skissa, og nektar for at dei er blitt einige med FrP.
Dermed er det blitt fullstendig bompengekaos i regjeringa.
Abonner på podkast-serien via iTunes, på Spotify eller søk den opp i din app. Du finn den også i vår nye podkast-app BT Lytt, som du kan finne i App Store eller Google Play.
Vi vil gjerne høyre kva du meiner! Gi dine tilbakemelding på bt.no/lyd.