Heitast i landet

Gratulerer til Voss.

Publisert:

29,3 GRADER: Vossevangen fekk laurdag æra av å bli utnemnd til førsteplass på meteorologanes liste over dei varmaste stadane i landet. Vi gratulerer. Foto: Birthe Hestdal

Det var laurdag, det var skyfritt og det var sommar.

Syklistane som strevde seg frå Bergen til Voss kunne sikkert ane det: Laurdag ettermiddag var Vossevangen den varmaste plassen i heile Norge.

29,3 grader blei det målt etter klokka 16 laurdag ettermiddag.

Etter 17 mil

Birthe Hestdal tilbrakte fleire av landets varmaste timar i dag på Vossevangen, etter at ho hadde sykla Bergen-Voss. Ho og dei andre brukar å gjere det, på den faste møteplassen ved ei kro.

Les også:

— Vi et og pratar i mange timar. I dag var det berre heilt perfekt. Eller, det var i overkant varmt, seier ho.

Mange bada i Vangsvatnet. Det yrte av liv. Sjølv var ikkje Hestdal heilt villig til å gå i vatnet.

— Då hadde vi sykla 17 mil og eg hadde dusja. Eg var eigentleg berre klar for ein øl.

Meteorologen: Meir sol i vente

Også i Bergen var det varmt nok laurdag. Den høgaste temperaturen som er målt var 26,3 grader. Langt varmare enn Oslo med sine skarve 23 grader.

Faktisk sto Hordaland og Sogn og Fjordane for dei åtte høgaste temperaturane som blei målt laurdag.

Så varmt var det:

Les også

Fredag var det varmerekord i Bergen

Godt nytt er det også at finvêret ikkje er over på Vestlandet enno. Det blir sol og godt over 20 grader både søndag, måndag og tysdag.

— Det kan kanskje bli litt kaldare enn i dag, men berre ei grad eller to, seier statsmeteorolog Haldis Berge ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Måndag og tysdag kan det likevel bli nokre ettermiddagsbyger i indre strøk på Vestlandet, seier ho.

Sola blir verande også vidare i veka, men frå og med onsdag ser det ut til at gradestokken vil krype litt nedover slik at det kanskje ikkje lenger er ver til shorts og t-skjorte.

Heiagjengen

OPPOVER: Eline Lorentzen Djønne, Tuva Vestrheim og Åsta Syslak var blant dei som heia på syklistane som kjempe seg frå Bergen, via Skjervet, til Voss. Foto: Marita Aarekol

For tredje året på rad heia dei ved Skjervet. Det er nokre kilometer unna Voss. Det var likevel meir enn varmt nok.

— Det var steikande sol. Vi sveitta så det rant. Det var nydeleg, seier Eline Lorentzen Djønne.

Les også:

Skjervet er den siste klatreetappen på rittet. Difor brukar ho, Tuva Vestrheim og Åsta Syslak frå Granvin å stå nettopp der, for å heie.

— Skjervet er veldig langt og veldig tungt. Vi står nesten den i siste svingen for å gi syklistane energien dei treng før før siste etappe, seier Dønne.

Kjølig i Europa

Samanlikna med Voss har det vore ikkje langt frå kjølig i delar av Europa. Dette var temperaturane klokka 14, ifølgje Weather Online:

  • Barcelona: 23
  • Roma: 26
  • Madrid: 24
  • Gran Canaria: 25
  • Mallorca: 24
  • Mens stakkarane i Paris både har flaum og 16 grader
    Vi skal heller ikkje gløyme våre landsmenn lenger nord i Norge. Mens stort sett heile Sør-Norge har sommar, er det tilnærma vinter i nord.

Tromsø hadde laurdag ein makstemperatur på 5,7 grader.

Publisert: