Elegante sangsvaner har landa på Tjeldstø

Medan norske pensjonistar flyktar til Kanariøyene i kalde vintermånader, dreg sangsvaner til Vestlandet. Ingvar Grastveit fekk i går auge på det som truleg er vinterens første, i naturreservatet på Tjeldstø i Øygarden.