Frivillige har samla inn over 300.000 for å finne sakna Christoffer

– Familien er ufatteleg takksame for alt som blir gjort rundt dei, seier Aurlands-ordførar Trygve Skjerdal.

Det er lagt ned blomar og lys på staden der politiet har gjort funn som kan tyde på at 29-åringen fall ned medan han gjekk langs vegen. Foto: Monica Finden

  • Adalheidur Audardottir Oldeide
Publisert Publisert

I løpet av helga har frivillige samla inn meir enn 320.000 kroner, i håp om å finne sakna Christoffer Lysne Elgåen.

Ingen har hatt kontakt med 29-åringen sidan fredag kveld i førre veke, då han var ute med kameratar. Sidan han blei meldt sakna, har innbyggarar i lokalsamfunnet i Aurland jobba dag og natt i håp om å finne 29-åringen.

Søndag kveld held søket fram for fullt i Aurland.

– Å finne han, vil setje ein stoppar for den uvissa familien har akkurat no, seier ordførar Skjerdal.

– Overveldande respons

Ingunn Christin Stigen oppretta laurdag ei pengeinnsamling for Aurland Røde Kors i håp om å kunne bidra i leiteaksjonen. Stigen, som er i slekt med den sakna 29-åringen, seier ho er sjokkert over responsen.

– Responsen er overveldande. Eg hadde aldri trudd vi skulle få inn så mykje.

På eitt døgn er det samla inn over 175.000 kroner.

– Folk frå heile landet har gitt. Mykje bygdefolk frå Aurland, men også veldig mange andre. Vi er veldig glad for å kunne støtte Røde Kors, dei er veldig engasjerte i saka.

Monica Finden frå arrangerte loppemarknad og selde lappar for å samle inn pengar til Aurland Røde Kors. Foto: Steinar Grønsberg

Planla loppemarknad saman

Også Monica Finden frå Aurland bestemte seg for å samle inn pengar.

Finden hadde sjølv vore i kontakt med den sakna 29-åringen i forbindelse med ein loppemarknad ho planla tidlegare oktober.

– Då dette skjedde, visst eg ikkje heilt kva eg skulle gjere. Eg bestemte meg for å halde loppemarknaden, i tillegg til å steike lappar. Målet var å få inn pengar som kunne støtte leiteaksjonen, fortel ho.

Finden fortel at ho plutseleg byrja å få meldingar frå folk med spørsmål om kor dei kunne sende pengar for å hjelpe. Sidan fredag morgon er det kome inn 145.000, fortel ho.

– Det er heilt ekstremt. Folk vil rett og slett støtte leiteaksjonen.

Sakna Christoffer Lysne Elgåen var med i brannkorpset og jobba i Aurland kommune. Foto: Aurland brann og redning

– Uvurderleg hjelp

Steinar Grønsberg er leiar i Røde Kors Aurland. Han seier det søndag er 25 båtar og over 60 personar som deltek i søket.

Han seier midlane frå innsamlingsaksjonane er til uvurderleg hjelp i leiteaksjonen.

– Det er ei slik oppslutning at eg ikkje veit kva eg skal seie. Eg er mållaus. Folk langs heile Sognefjorden er med å leite. Det er heilt fantastisk.

Tysdag varsla politiet at søket gjekk over i ein ny fase der ein leitar etter antatt omkomen person.

– Å finne han betyr at familien får avslutta ei vond sak. Men sorga og saknet blir det same, seier ordførar Skjerdal.

Publisert
  1. Aurland
  2. Røde Kors
  3. Spleis

Les mer om dette temaet

  1. Her leiter dei etter sakna kollega: – Det er veldig spesielt for oss

  2. Ordføreren: – Det er veldig tungt. Fokuset er å finne Christoffer.

BT anbefaler

På syv år prøvde Øystein fem jobber og tre utdanninger. Så traff han blink.

Alle tre valgte feil studier etter videregående. Slik løste de det.

LES SAKEN