Stø og sta som ein stabbestein

Fylkesskogmeister Einar Myster fyller 90 år i dag .

  • Erling Skiple
Publisert Publisert

Einar Myster fyller 90 år 3. mai. - Einar var også ein god og ihuga hjortejeger, mange fekk gleda av å vera hans jaktkamerat, skriv Erling Skiple i omtalen. Foto: privat

Einar Myster vaks opp på eit småbruk i Eksingedalen. Han var ein målretta ungdom som tidleg tok sikte på skogbruksutdaning. Han gjekk realskule på Dale, artium på Voss landsgymnas i 1951, skogteknikarutdanning og byrja han på landbrukshøgskulen på Ås. Han vart skogbrukskandidat i 1958.

Same året var han tilsett i statleg stilling som Heradsskogmeister i Hardanger. Den gong omfatta Hardanger kommunane Eidfjord, Kinsarvik, Ullensvang, Odda, Røldal, Jondal, Kvam, Strandebarm, Varaldsøy, Kvinnherad og Hålandsdalen.

Ei omfattande Skoglov medførte mykje forvaltingsansvar. Som heradsskogmeister var han mellom anna sekretær for skogråda i kommunane og rekneskap og kontroll med bruk av den enkelte skogeigar sine skogavgiftsmidlar. I den samanheng var også kona Inga ein god medhjelpar, ho vart seinare tilsett i halv stilling i skogbruksetaten.

Generell skogfagrettleiing og planlegging og kontroll av skogsvegbygging var også prioriterte oppgåver.

Etter kvart frå 1955 vart det tilsett sju fagutdanna kommunale skogreisingsleiarar i Hardanger. Einar Myster vart den faglege krumtappen. Det vart lagt vekt på fagsamkomer/lokale kurs, ofte på kontoret i Sundsvika.

Paret Inga og Einar var utruleg gjestfrie og omsorgsfulle.

I 1980 vart han tilsett som fylkesskogmeister i Hordaland. I det arbeidet hadde han mellom anna hovudansvaret for planlegging, kontroll og tilskotsforvaltning av skogsvegbygging.
Einar hadde eit ordtak: «Med ny veg, er nytt land til landet lagt».

Særleg skogsbilvegar gir god nytte. Lettare tilkomst til landbrukseigedomar. Det kan vera til beiteområde, stølar, jaktområde, utmarksnæring generelt, og ikkje minst lettare tilgang for aktivt friluftsliv for alle. Fleire skogsvegprosjekt har også gjeve vegutløysing og betre veg for gardsbruk.

Einar Myster vart pensjonist i 1998. Denne heidersmannen var stø og sta som ein stabbestein. Ein pådrivar med stø kurs mot eit berekraftig skogbruk. Både rettskaffen, godlynt og ein god kollega.

Einar var også ein god og ihuga hjortejeger, mange fekk gleda av å vera hans jaktkamerat.

Som pensjonist har Einar vore aktiv «dreng» på slektsgarden i Sogndal. Han er framleis oppegåande og frisk etter alderen, men kliv ikkje i frukttre lenger.

Skogbruket på Vestlandet har lange tradisjonar. Eit omfattande mangfald. Ikkje berre for bruk av trevirke, men også som ein viktig naturressurs både for menneske og alt levande. Og ikkje minst i viktige i klimaperspektiv, inn ei ny tid med det grøne skifte.

Me ønskjer deg til lukke med dagen, og framleis mange gode dagar.

Beste helsing frå skogveteranane ved Erling Skiple

Publisert
  1. Jubilanter
  2. Skog
  3. Hardanger
  4. Ullensvang
  5. Friluftsliv
BT anbefaler

Tertnes trekker tiåringer fra kamp. Mener motstanderen er «et rent satsingslag».

De mener Marikollen fotballklubb er «et rent satsingslag». – Det bør være plass til klubber som oss også, svarer Morten…

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. Fant gammel tønne fra krigen: Mann til sykehus for sjekk

  2. 26 nye smittede i Bergen: – Holder seg vedvarende høyt

  3. Han er en av de siste gjenlevende fra Espeland. – Nå er jeg på stedet hvor jeg gikk rundt i filler.

  4. Latviske «Anna» (45) sier hun ikke fikk lønn, men råtten mat. Sjefen var mangemillionær.

  5. – Noen kunder er så ufine at man blir sittende i sjokk

  6. Her limer Åsane-spilleren ballen i krysset