Positiv til fleire syriske flyktningar

Byrådet i Bergen seier ja til å ta i mot fleire flyktningar frå Syria. - Men staten må betale, seier sosialbyråd Eiler Macody Lund.

TEK I MOT FLEIRE: Byrådet i Bergen går inn for å busetje fleire syriske flyktningar. - Det vil koste mellom 300 og 400 millionar kroner, seier sosialbyråd Eiler Macody Lund (Frp).

— Byrådet i Bergen går inn for å busetje fleire flyktningar dersom Noreg vedtek å busetje ti tusen syriske kvoteflyktningar, skriv byrådsleiar Martin Smith Sivertsen i eit brev til Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Bakgrunnen er ein henvendelse frå barne- og familieminister Solveig Horne, etter debatten om Noreg bør ta i mot ti tusen nye flyktningar i 2015 og 2016.

— Det er klart me vil hjelpe dei som treng det aller mest, men me står over vesentlege uftfordringar dersom me skal ta i mot så mange, seier Macody Lund.

Les også

Må kutte i norsktilbudet til flyktninger

100 ekstra i året

I dag har Bergen kommune eit vedtak om å busetje 350 flyktningar kvart år i perioden 2014 til 2016. I tillegg er det venta om lag 100 personar kvart år som blir gjenforent med familiane sine.

— Me treng mykje meir pengar frå staten dersom me skal greie å ta i mot så mange. Det er ikkje noko i vegen med vilja, men viss me dekkjer desse kostnadane sjølve, vil gå ut over andre innbyggjarar i Bergen, tildømes rusavhengige, seier Macody Lund.

Ifølgje Macody Lund vil det koste mellom 300 og 400 millionar kroner i året å ta i mot dei ekstra flyktningane frå Syria.

Store utfordringar

Macody Lund seier det vil det kreve stor tilrettelegging for kommunen å ta i mot fleire.

— Økonomisk støtte frå staten til norsk-opplæring og busetjing er heilt naudsynt. Når det gjeld norsk-opplæring har me allereie i 2014 eit underskot på ni millionar kroner. Det seier seg sjølv at dette blir vanskeleg.

Les også

- Staten må bla opp

— Me har bede om å få desse tilskota frå staten for å få det me treng til å busetje så mange nye flyktningar, så får me sjå kva staten seier.