– Du tenkjer og pratar betre når du går

Oddvar Johan Jensen lover å gå 50 gangar rundt idrettsbanen, når dei skal arrangera Stafett for livet på Askøy til sommaren.

Publisert Publisert

PÅ HEIMEBANEN: Her på Ravnanger idrettspark vert det folksamt i juni. Oddvar Johan Jensen håpar dei skal få 2000 til å vera med å gå og løpa for kreftsaka i 24 timar. – Eg har sjølv lova å gå 50 rundar her, seier han. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

  • Pål Engesæter
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Stafett for livet vert arrangert av Kreftforeningen. I Hordaland skal stafetten vera på Ravnanger idrettspark 2. og 3. juni.

– Dette er eit arrangement som går over 24 timar, frå laurdag klokka tolv til søndag klokka tolv. Målet er å skapa merksemd om kreftsaka. Du kan vera med om du berre går ein runde eller to, eller om du vil løpa lenge. Prestasjonane er ikkje målet, fortel stafett-leiar Oddvar Johan Jensen.

– Gå saman og lag eit lag

Familiar, vennegjengar, verksemder og organisasjonar kan melda seg på, og laga eit stafettlag. Det kan vera frå nokre få til hundre deltakarar på laget. Du kan løpa, du kan gå i lag og du kan gjerne ha med deg barnevogn. Alle er velkomen, både dei som sjølv er ramma av kreft, pårørande og alle som ønskjer å vise si støtte.

– Stafetten eller kall det gjerne ein festival, skal symbolisera den kampen ein kreftpasient opplever under sjukdomen. Når du er sjuk kan du ikkje ta pausar frå sjukdommen. Du må forholda deg til den slik den er, døgnet rundt. I denne stafetten er det ingen krav til prestasjon, berre at laget skal vera i rørsle, seier den snart 68 år gamle askøyværingen.

PÅ HEIMABØEN: Det er rikeleg med bøker i kjellarstova til Oddvar Johan Jensen i Krokåsvegen på Askøy, men professoren er slett ingen sofagris. Den gamle mangekjemparen er framleis friidrettsdommar, med i dugnadsgjengen i Ask friidrett og 2. visepresident i Norges Idrettsforbund. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Oddvar Johan Jensen veit kva han snakkar om. Sjølv mista han kona si i kreft for snart to år sidan.

– Det er mange mytar omkring kreftsjukdomen. Ein kan lett gløyma livet ein har, fordi kreften set dagsorden for alt. Eg opplevde ulike reaksjonar då kona mi døde. Det var dei som skrådde over vegen då dei såg meg, truleg fordi dei syntest det var vanskeleg å forholda seg til. Det var dei som var nesten for mykje omsorgsfulle og det var dei som hadde eit naturleg forhold til det. Eg trur arrangement som dette kan vera med på å senka terskelen for å snakka naturleg om sjukdommen.

Dugnaden lever på Askøy

Når Askøy vart valt som vertskap i Hordaland, heng det truleg saman med den røynsla Ask friidrett har som gode arrangørar. Dugnadsgjengen der er vane med å ta eit tak for laget.

– Dette vert gjort av frivillige. Vi har til no klart å få med kring 50 frivillige, men vi treng fleire, så det er berre å melda seg.

I fjor vart Stafett for livet i Norge arrangert på Randaberg. Her kan du sjå ein video frå det arrangementet.

Festivalen er meir enn berre det å gå eller springe. Her vert det både ein høgtideleg lysseremoni og konsertar, men det innhaldet er ikkje klart enno. Du kan melda på lag frå i dag, ved å gå inn på Kreftforeningen si heimeside.

– Det kan vera du har ein som har kreft rundt deg, eller du har mista ein i familien, i vennekretsen eller ein på jobben i kreft. Kanskje de kan gå saman og samla eit lag? Det kan vera ein god stad både for å minnast og for å snakka om det å leva med kreft. Ein både tenkjer og pratar betre saman når ein går.

– Trengde ein restart på livet

Også her veit teologiprofessoren truleg kva han snakkar om. Ei tid etter at han mista kona, vart han sjukemeldt tre månader.

– Eg trengde ein restart på livet. Då gjekk eg ein del av pilegrimsruta i Frankrike i retning Santiago del Compostela. Eg gjekk 35 mil på to veker. Det er noko eige med det å gå, spesielt når ein går langt. Først tøymer du deg for inntrykk, så sluttar du å tenkja og så byrjar du å tenkja på nytt. Eg lærde meg å skru ned tempoet og kom i kontakt med meg sjølv.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. – Jeg tillot meg ikke å kjenne på følelser

  2. Nå skal alle bergensbryst fotograferes i 3D

  3. Haukeland-sjefen fikk kreft etter avgang

  4. Her får Randi ny styrke etter kreftbehandlingen

  1. Kreftforeningen
  2. Askøy
  3. Frivillige
  4. Bergen
  5. Festival