– Dette er pinleg for politikarane i Hordaland. Det ser ut for alle som dei er blitt lurt av Sogn og Fjordane.

Slik klarte Sogn og Fjordane å gøyme vekk fleire milliardar kroner rett framfor nasen til Hordaland.

Snart skal Sogn og Fjordane og Hordaland slåast saman til Vestland fylke, men krangling om pengar har skapt veldig dårleg stemning i forhandlingane.

Årsaka er eit fond som viste seg å innehalde langt større verdiar enn det delegasjonen frå Sogn og Fjordane ville røpe.

Hordaland oppdaga det for seint. No kan milliardane vere tapt for dei.

– Dette er pinleg for politikarane i Hordaland. Det ser ut for alle som dei er blitt lurt av Sogn og Fjordane, seier Jens Kihl som er kommentator i Bergens Tidende.

Saman med kollegaen Morten Myksvoll er han gjest i podkasten denne veka.

LURIFAKS? Jenny Følling (Sp) leiar forhandlingsdelegasjonen frå Sogn og Fjordane. Her saman med fylkesvaraordførar i Hordaland, Pål Kårbø. Marita Aarekol

Har dei lurt hordalendingane trill rundt? Og kan mistilliten true det store samanslåingsprosjektet?

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Soundcloud eller søk den opp i din podkast-app.