No er det slutt på sommaren

Meteorologane har sendt ut gult farevarsel for fleire fylke denne veka. Det kan bli kraftige regnbyer og torevêr fleire stader.

TOREVÊR: Denne veka må bergensarane truleg finne fram regntøyet igjen. Det er meldt kraftige byer og fare for torevêr fleire stader. Paul S. Amundsen

Denne veka er det berre å hente fram paraplyen. Rekka med soldagar ser ut til å vere over for denne gong.

– Det er uttrykk for torevêr i indre strok av Hordaland, mest i kveld og i morgon. Onsdag ser det ut til at det minke, men det kjem kraftige lokale byer, seier Gunnar Livik, vakthavande meteorolog hjå Meteorologisk institutt.

Det vil stort sett vere overskya i Bergen i dag, og det gjeld òg for resten av Hordaland. Om ein er heldig kan ein få eit par glimt av sola i indre strok i dag, før toreveret set inn for fullt i kveld.

Sendt ut farevarsel

Det er sendt ut farevarsel for lokalt kraftige byer med torevêr i Sogn og Fjordane, Buskerud, Oppland og Hedmark i ettermiddag og kveld. Det er enno ikkje sendt ut farevarsel i Hordaland.

Det ligg eit lågtrykk over Storbritannia som vil trekke opp mot Norskekysten i løpet av kvelden.

– Utover ettermiddagen i morgon utviklar det seg regnbyer med fare for torevêr i Hordaland, seier Beathe Tveita, vakthavande meteorolog i Stormgeo.

Det er sendt ut gult farevarsel for fleire fylke. Kraftige byer og torevêr er varsla måndag ettermiddag. Skjermdump frå YR.

Nye rundar med regnbyer i helga

Regnvêret skal vare fram til torsdag, før det er håp om opphaldsvêr fredag. Ein må derimot førebu seg på nye rundar med regnbyer til helga.

– Når vi kjem til fredag blir det nordleg vind og forbigåande opphaldsvêr, før det i helga kjem nedbør inn frå sørvest, seier Tveita.

Sjølv om det er meldt kraftige regnbyer, vil det ikkje bli mykje vind.

– Det kan bli opp mot frisk bris, søraust og sørvest. Det kan hende det blir litt kraftigare vind rett før regnbyene, seier Livik.

Det skal også bli kjølegare denne veka, og temperaturen vil variere mellom 15 og 20 grader.

STØVLAR: Det er berre å finne fram støvlane igjen, for denne veka er det meldt kraftige nedbørsbyer. Eirik Brekke (arkiv)