Ber Brustad vurdere Helse Førde

I haust sa Helse Førde stopp i inntaket av lokale ortopedipasientar i Lærdal, til fordel for meir lukrative pasientar frå resten av landet. Rune Skjælaaen (Sp) meiner det er brot på pasientrett-lova, og ber helseministeren vurdere saka.