Fortviler over parkerings-sniking

Terje Riple vart så forbanna over den slunkne parkeringskassa at han ikkje orka å brøyte parkeringsplassen på Totland laurdag morgon.

Publisert: Publisert:

POPULÆRT: Laurdag formiddag var parkeringsplassen brøyta og pågangen stor frå skilystne bergensarar på Totland. Foto: TERJE RIPLE

«God morgen! Jeg sto opp kl 04:00 for å brøyte, det er nå 2 timer siden og jeg har enno ikke begynt. Jeg er sååå skuffet og sur i dag.»

Slik byrjar innlegget som Terje Riple la ut på Facebook-gruppa «Totland – lysløype og parkering» grytidleg laurdag morgon.

Riple eig og driftar den private parkeringsplassen, som på dagar med snø er svært populær blant skihungrige bergensarar. Betalingsviljen er det verre med, ifølgje Riple.

KLARE INSTRUKSAR: Terje Riple har gitt opp å få billettautomaten til å fungere som han skal. – Folk smør myntar inn med skismøring, eller gjer anna hærverk. Men plakaten om korleis folk kan betale er ikkje til å misforstå, seier Riple - som ikkje kan forstå kvifor ikkje alle kan betale dei 20 eller 30 kronene det kostar å parkere hos han. Foto: TERJE RIPLE

Han hadde tatt seg fri frå arbeid delar av fredagen for å brøyte parkeringsplassen, og hadde rydda plass til ca. 100 bilar. Besøket var da også bra gjennom heile dagen.

– Då eg kom att frå arbeid ut på kvelden fredag, stod det i alle fall 50 bilar her, seier Riple.

– Kan ikkje betale 20 kroner?

Nedturen var difor stor då han laurdag morgon, før den planlagde brøyteøkta på traktoren, opna billettautomaten. I vekedagane kostar parkeringa 20 kroner, i helgene 30.

– Og på gode dagar kan det jo bli litt pengar, så det er ei lita gulrot å tømme automaten, seier Riple.

Men laurdag morgon var det ikkje stort å hente – trass godt besøk dagen før.

«I myntautomaten lå det 938kr +noen utenlandske mynter. DVs at ca 47 personer har betalt med mynt. Hva er det med over 50% av ski gåerene som ikke kan betale 20kr for å komme til ferdig brøytet parkeringsplass??????????», skriv Riple på Facebook.

Det var nemleg tatt ut 114 parkeringsbillettar frå blokkene som Riple hadde lagt fram til bilistane – altså meir enn dobbelt så mange som han hadde fått oppgjer frå.

Les også

Parkeringskaos på Totland

Problem heile året

Riple forklarer at heile systemet hans er bygd på tillit.

– Betalingsautomaten vår har vore utsett for så mykje hærverk at han ikkje lenger skriv ut billettar. Men myntinnkastet fungerer. Eg har difor lagt ut blokker ved sida av automaten, slik at folk kan leggje pengar, og så rive av ein lapp og leggje i frontruta. Alt er grundig forklart på ein plakat, seier Riple.

Vipps og bankoverføring har han også lagt til rette for.

Han har lenge irritert seg over at så mange likevel snik seg unna betalinga. I Facebook-innlegget viser han til at han berre denne veka har kjøpt diesel for 1600 kroner, og i tillegg tatt seg fri for å brøyte.

– Eg veit ikkje kva eg skal gjere. Problemet går igjen gjennom heile året. Eg kunne lagt på prisen, men vil ikkje at det skal vere for dyrt heller. Eg har ikkje all verda til økonomi sjølv, og vil at folk skal kome hit, seier Riple

Audi- og Volvo-eigarar verst

Også i 2014 blåste Riple ut mot dårlege betalarar, i eit intervju med Fanaposten. Han peikte der på eigarar av enkelte bilmerke som spesielt lite villige til å gjere opp for seg.

«Man ser konsekvent på bilmerket hvem det er som ikke betaler. Ser jeg en Audi eller BMW på plassen, så kan jeg være nesten sikker på at det ikke er betalt.», sa han den gongen.

Slik er det framleis, seier Riple.

– Eg fekk ein del kjeft for det eg sa der. Men slik er det. Dei med nyare Audi er verst. Eigarar av eldre Audi-ar betaler. I det siste har også eigarane av nye, dyre Volvo-ar vorte dårlegare til å gjere opp for seg, seier Riple.

Parkeringseigaren opplevde stor støtte og sympati etter innlegget laurdag morgon. Fleire kom på døra, og mange ringde eller sendte sms.

I titida hadde han også fått rista skuffelsen såpass av seg at han hadde sett seg på traktoren og gjort parkeringsplassen klar for årets finaste vinterdag. Blant dei som kom med trøystande ord på Facebook-gruppa var polititopp Gunnar Fløystad, leiar for påtaleseksjonen i Vest politidistrikt:

«Kanskje det er noen forsinkelser på betaling grunnet dårlig mobildekning. For egen del betalte jeg for hele helgen inkludert fredag idag», skriv Fløystad.

Publisert: