Siste nytt om smitte­saken på Askøy

Vi følger utviklingen direkte.

BASSENGET: Kommunen mener vann fra dette bassenget utløste epidemien på Askøy. Rune Sævig

Siste innlegg
Har du tips eller spørsmål om dette emnet? Vi vil gjerne høre fra deg!
Send melding
  • av Eystein Røssum
    DEL

    Alt klart for oppheving av kokevarselet

    Også den siste vassprøva frå Kleppe vannverk, analysert av Mattilsynet, viser ingen bakteriell aktivitet. Det skriv varaordførar Bård Espelid i ein SMS til BT. Dermed er alt klart for at Askøy kommune kan oppheve kokevarselet torsdag morgon. 

  • av Eystein Røssum
    DEL

    Ventar på den avgjerande vassprøva

    Varaordførar Bård Espelid (til h.) ønskjer Geir Ove Haugland  frå vann- og avløpsetaten velkomen til det dei håpar skal vere det siste møtet før kokevarselet på Askøy blir oppheva.
    Varaordførar Bård Espelid (til h.) ønskjer Geir Ove Haugland frå vann- og avløpsetaten velkomen til det dei håpar skal vere det siste møtet før kokevarselet på Askøy blir oppheva.
    FOTO: Eirik Brekke

    Dersom den siste vassprøva viser seg å vere i orden, kan alle som får vatn frå Kleppe vannverk igjen drikke rett frå kranen torsdag morgon. Kl. 12 onsdag byrja eit møte på rådhuset på Kleppestø, der status vart gjort opp.

    – Vi vil få svar på dei siste vassprøvene i løpet av ettermiddagen. Dersom også tilstanden på høgdebassenga blir vurdert som i orden, er planen å oppheve kokevarselet tidleg torsdag, sa varaordførar Bård Espelid, som leia møtet. 

    Etter møtet kunne han slå fast at dei sju gjenverande høgdebassenga ved Kleppe vannverk er i god nok stand. 

    Eit vilkår for oppheving av kokevarselet er at den siste prøva, som Mattilsynet nå analyserer, også er god nok. Ei anna prøve, som kommunen hadde tatt sjølv, fekk godkjentstempel onsdag ettermiddag. 

    Det er vann- og avløpsetaten i Bergen kommune som har gått over dei sju høgdebassenga som framleis er ein del av Kleppe vannverk, og laga ein tilstandsrapport. Denne vart lagt fram i møtet.

    Dei tidlegare vassprøvene har vore fine, etter at det forureina høgdebassenget 168 på Øvre Kleppe vart stengt av. 

    – Oppheving av kokevarsel vil bli meldt med ein SMS til alle som er tilknytt vassverket, seier Bård Espelid. 

  • av Eystein Røssum
    DEL

    Tarmbakteriar i alle prøver frå sprekkane

    Vassprøvene frå sprekkane i bassengtaket bak varaordførar Bård Espelid var for små til å bli sjekka for Campylobacter.
    Vassprøvene frå sprekkane i bassengtaket bak varaordførar Bård Espelid var for små til å bli sjekka for Campylobacter.
    FOTO: Bård Bøe

    Det er påvist både koliforme bakteriar, E. coli og intestinale enterokokkar i vatnet som renn frå sprekkane i taket på høgdebassenget på Øvre Kleppe. Det opplyser varaordførar Bård Espelid måndag ettermiddag. Alle tre bakteriane indikerer forureining frå avføring. Prøvene vart tatt måndag for ei veke sidan, og har vore til analyse i Eurofins laboratorium.

    Forsøk på å undersøkje dei tre prøvane for Campylobacter, som er bakterien som gjorde så mange sjuke, har ikkje lykkast. 

    – Det var for lite vatn i prøvane til at dette let seg gjere. Dei måtte hatt to liter vatn for å teste for Campylobacter. Men vi veit i alle fall at vatn renn inn frå utsida, og at det er forureina av bakteriar, seier Espelid. Kommunen er også sikre på at det er overflatevatn som renn inn. 

    – Vi ser at når det regnar mykje ute, kjem det også meir vatn på innsida, seier varaordføraren. 

  • av Eystein Røssum
    DEL

    Askøy stuper på kommunebarometeret

    Rådmann Eystein Venneslan på Askøy har mykje å slite med - ikkje berre dårleg vatn.
    Rådmann Eystein Venneslan på Askøy har mykje å slite med - ikkje berre dårleg vatn.
    FOTO: Geir Martin Strande

    Askøy har ramla 155 plassar på Kommunebarometeret til Kommunal rapport.  Det gjer kommunen til ein av kommunane med størst fall det siste året, og plasserer dei på 238. plass. Kombinasjonen av dårleg drikkevatn og høge avgifter til vatn og avløp bidreg til fallet. Det gjer også den dårlege kommuneøkonomien, svak legedekning, dårlege besøkstal på biblioteka og få elevar i musikk- og kulturskulen. Plasseringa er ikkje påverka av drikkevasskandalen på Øvre Kleppe, men er basert på 151 ulike nøkkeltal, og justert for kommunens inntekter. 

  • av Erlend Langeland Haugen
    DEL

    BA: Sprekkene kan skyldes jordskjelv

    BASSENGET: Varaordfører Bård Espelid i høydebassenget forrige uke.
    BASSENGET: Varaordfører Bård Espelid i høydebassenget forrige uke.
    FOTO: Bård Bøe

    En geolograpport viser at fjellet over høydebassenget på Øvre Kleppe har sunket tre centimeter på tre år, skriver BA. Ifølge varaordfører Bård Espelid kan dette ha ført til sprekker og lekkasjer over bannbassenget.

    - Det er nærliggende å tenke at jordskjelv kan være årsaken, men dette er som sagt helt nytt for oss, sier Espelid til avisen.

    7. november 2017 var det et sjeldent kraftig jordskjelv i området:

    teaser
    7 november 2017
    Jordskjelv rystet Bergen, Sotra og Askøy

  • av Arne Edvardsen
    DEL

    Mer enn halvparten nærmest høyde­bassenget ble smittet

    FOTO: Bård Bøe

    Askøy kommune og Folkehelseinstituttet (FHI) har kartlagt forekomsten av mage-tarm-sykdommer etter utbruddet på Askøy 6. juni.

    Undersøkelsen viser at 55 prosent av dem som bor nærmest det infiserte høydebassenget på Øvre Kleppe ble syke. Også områdene Kleppe og Nedre Kleppe /Juvik ble svært hardt rammet. Her ble henholdsvis 46 og 42 prosent av beboerne syke.

    teaser
    3 juli
    I dette området ble mer enn halvparten av beboerne syke
  • av Eystein Røssum
    DEL

    Ikkje sikkert det var hestemøkk likevel

    Ekspertane er langt frå sikre på at det er hestemøkk som har forureina drikkevatnet på Askøy. Ein av grunnane til at teorien om hestesmitte blir trekt i tvil, er at Campylobacter-bakterien som utløyste epidemien vanlegvis ikkje er å finne hos hest.

    - Når vi ser alle dei ulike analysane samla, er det ikkje grunnlag for å konkludere om kva som er smittekjelda. Analysane peikar i litt ulike retningar, seier avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet.

    teaser
    3 juli
    Like uvisst kva dyr smitten kjem frå

  • av Marita Ramsvik
    DEL

    Hesteavføring i vannet på Askøy

    Fredag formiddag kom svaret på vannanalysene fra høydebassenget på Askøy. De slår fast at det er funnet hesteavføring i vannet på Askøy

    – Det vi har fått vite i dag, er at 69 prosent av de koliforme bakteriene, som Nibio har undersøkt, stammer fra hester, sier smittevernlege Arild Iversen.

    teaser
    28 juni
    Vannprøver slår fast at det er funnet hesteavføring i vannet på Askøy

  • av Julianne Bråten Mossing
    DEL

    Får trolig svar på hvilket dyr avføringen stammer fra likevel 

    NYE SVAR: Fredag vil Askøy kommune trolig stå enda nærmere å finne svar på hva smittekilden til utbruddet er.
    NYE SVAR: Fredag vil Askøy kommune trolig stå enda nærmere å finne svar på hva smittekilden til utbruddet er.
    FOTO: Rune Sævig

    En ny dialog mellom kommunen og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) tyder på at kommunen vil få svar på hvilket dyr avføringen stammer fra fredag.

    NIBIO vil fredag levere en rapport til Askøy kommune. I den kommer konklusjonen på dataanalysene gjort av tarmbakteriene som er påvist i vannet i høydebassenget. Svarene vil trolig kunne gi et svar på hvilket dyr avføringen stammer fra, ifølge varaordfører Bård Espelid.  

    - Vi har en god dialog nå. Svarene vil vise en tydeligere tolkning av hvilket dyr det er, sier Espelid til BT. 

    Espelid har denne uken trodd at det ikke vil være mulig å få svar på hvilket dyr avføringen stammer fra. Dette viser seg at kan være feil. 

    - Dette har nok blitt mistolket i flere ledd, sier han. 

    - Nå er jeg mer optimistisk. Jeg kan ikke garantere noe, men jeg ser lysere på at vi skal finne kilden til smitten, sier han.   

  • av Eystein Røssum
    DEL

    Ingen debatt om vasskrisa i dag

    Rådmann Eystein Venneslan orienterte kommunestyret på Askøy om innsatsen for å avgrense smittespreiinga.
    Rådmann Eystein Venneslan orienterte kommunestyret på Askøy om innsatsen for å avgrense smittespreiinga.
    FOTO: Marita Aarekol

    Kommunestyret på Askøy kjem ikkje til å diskutere handteringa av epidemien på møtet i dag, men nøyer seg med å bli orientert av rådmann, ordførar og varaordførar. Sjukdomsutbrotet vil først bli tema på eit kommunestyremøte etter sommarferien, 15. august. Det er frå før semje blant Askøy-politikarane om å gjennomføre ei ekstern gransking av sjukdomsutbrotet. Denne skal både kartleggje kva som hende, kva årsakane var, og foreslå tiltak for å hindre at noko slik skjer igjen. 

    På grunn av krisa kommunen har vore igjennom vil det heller ikkje bli politisk debatt om andre saker på dagens kommunestyremøte. 

  • av Eystein Røssum
    DEL

    Mindre berg over bassenget enn venta

    Det berre ca. tre meter frå bassengtaket og opp i dagen, viser nye målingar.
    Det berre ca. tre meter frå bassengtaket og opp i dagen, viser nye målingar.
    FOTO: Rune Sævig

    Den geologiske kartlegginga av Høgdebasseng 168 på Øvre Kleppe viser at berget over bassenget ikkje er så tjukt som kommunen har trudd. 

    - Målingane viser at overdekninga enkelte stader er på berre vel tre meter, sa varaordførar Bård Espelid i kommunestyret torsdag. Kommunen har tidlegare sagt at det var fem meter frå taket inne i bassenget og opp i dagen. 

    Kommunens hovudteori er at dei farlege bakteriane har nådd drikkevatnet ved å renne inn frå ute, via sprekkar i berget. Dess mindre berg over taket, dess større vil faren vere for smitte denne vegen. 

    Målingane er gjort av geolog som har skanna hallen innvendig. Fredag skal ein geolog igjen inn i bassenget, for å vurdere om det er trygt å arbeide der inne. 

    Kommunen er sikre på at smitten kjem frå dyr. Kva slags dyr det er snakk om, veit dei ikkje. 

    - Vi må erkjenne at vi kanskje aldri vil kunne seie 100 prosent sikkert kva smittekjelda var, sa varaordførar Bård Espelid i kommunestyret. 

  • av Eystein Røssum
    DEL

    Sa unnskyld til folket på Askøy

    Ordførar Terje Mathiassen (t.h.), varaordførar Bård Espelid (t.v.) og rådmann Eystein Venneslan orienterte torsdag  kommunestyret om epidemien som ramma Askøy.
    Ordførar Terje Mathiassen (t.h.), varaordførar Bård Espelid (t.v.) og rådmann Eystein Venneslan orienterte torsdag kommunestyret om epidemien som ramma Askøy.
    FOTO: Marita Aarekol

    - Eg ønskjer sterkt å seie unnskyld, sa Askøy-ordførar Terje Mathiassen (Ap) då han orienterte kommunestyret om smittutbrotet ved Kleppe vannverk torsdag formiddag. 

    Han slo fast at tilliten til kommunen som leverandør av trygt vatn er "kraftig redusert - ja, kanskje ikkje til stades". Ca. 2000 innbyggjarar vart sjuke og 76 vart innlagt på sjukehus etter epidemien. To dødsfall blir sett i samband med Campylobacter-bakteriane. Også rådmann Eystein Venneslan og varaordførar Bård Espelid beklaga det som har hendt, og lova at kommunen vil gjere det dei kan for at noko slik aldri skal skje igjen. 

  • av Julianne Bråten Mossing
    DEL

    Kommunen sliter med å finne geolog raskt nok  

    TITTET OVER KANTEN: Bård Espelid var inne i høydebassenget for første gang tirsdag. Han kunne høre og se vann dryppe ned i det tomme bassenget.
    TITTET OVER KANTEN: Bård Espelid var inne i høydebassenget for første gang tirsdag. Han kunne høre og se vann dryppe ned i det tomme bassenget.
    FOTO: Bård Bøe

    Askøy kommune må gjøre en tilstandsvurdering fra geolog før undersøkelser av sprekkdannelser inne i høydebassenget kan fortsette.

    Høydebassenget ble tømt for vann mandag, men geologen kan gjennomføre arbeidet tidligst fredag. Årsaken er at firmaet kommunen har rammeavtale med, ikke har hatt tilgjengelige geologer på grunn av ferieavvikling, skriver Askøyværingen. 

    - Det viser seg at vi først får mobilisert geolog fredag, skriver varaordfører Bård Espelid i en tekstmelding til BT.

  • av Karoline Risnes
    DEL

    - En gåte at det har skjedd så plutselig

    FOTO: Bård Bøe



    - Siste analyse viser at det er hundre prosent sikkert at utbruddet har sitt opphav i dette bassenget, men vi har ikke funnet ut hvilket dyr det kommer fra, sier varaordføreren Bård Espelid til BT. 

    Laserscanning i går har gitt indikasjoner på sprekker.

    - Nå blir det viktig å finne ut om disse sprekkene har kommet plutselig eller om det har skjedd over tid. Det er jo en gåte at det har skjedd så plutselig.

    Kommunen forsøker nå å mobilisere geolog som kan undersøke både utvendig og innvendig.

  • av Gerhard Flaaten
    DEL

    Her er det tomme høydebassenget

    Tirsdag slapp pressen inn i høydebassenget på Øvre Kleppe, som etter alt å dømme er smittekilden for den vannbårne epidemien på Askøy. 

    Bassenget er nå tømt.

    FOTO: Bård Bøe

    Det er funnet tarmbakterier i taket av bassenget, men det er foreløpig ikke kjent hvordan vannet i bassenget er blitt infisert med bakterier. 

  • av Gerhard Flaaten
    DEL

    NRK: Ingen spor av campylobacter i avføringen

    Veterinærinstituttet har analysert hjorte- og hundeavføringen fra høydebassenget på Øvre Kleppe, uten å påvise bakterien som har gjort folk syke. Dermed forblir smittekilden et mysterium, skriver NRK

  • av Gerhard Flaaten
    DEL

    BA: Høydebassenget er tømt

    Geologene har vært i høydebassenget på Askøy for å undersøke mandag. 

    De har skannet høydebassenget med laserskanner for å få en 3D-modell som  vil gi et inntrykk av sprekkdannelser, skriver BA, som opplyser at bassenget nå er tømt for vann. 

  • av Eystein Røssum
    DEL

    Funn av tarmbakteriar i bassengtaket

    I taket på dette høgdebassenget er det påvist tarmbakteriar.
    I taket på dette høgdebassenget er det påvist tarmbakteriar.
    FOTO: Rune Sævig

    Det er funne tarmbakteriar i prøver tatt frå taket i høgdebassenget på Øvre Kleppe. Det opplyser varaordførar Bård Espelid til NRK. Han seier dette styrkar teorien om at forureininga har skjedd gjennom sprekkar i bassengtaket. 

  • av Lars Kvamme
    DEL

    Varsler gjennomgang av hele Askøys vannsystem

    Askøy kommunes politikere vil undersøke 18 mil med vannrør, melder NRK.

    Det er 176 km med vannrør som forsyner nesten 30.000 innbyggere med vann, viser kommunens egne tall.

    – Vi er nødt til å få fakta på bordet. Jeg tror vi skal se på hele vannsystemet på Askøy for å være sikker på at vi ikke havner i en slik situasjon igjen, sier Elsa Benjaminsen (Ap).

  • av Gerhard Flaaten
    DEL

    Nå tømmes høydebassenget for vann

    Ifølge NRK startet tappingen av Øvre Kleppe høydebasseng fredag ettermiddag. 

    Etter planen skal høydebassenget være helt tømt til mandag morgen, hvorpå geologer skal sjekke om det er gjennomgående sprekker i fjellet.

    Kommunen mener fortsatt at det er aller mest sannsynlig at smitten i drikkevannet har oppstått i dette høydebassenget.