– Har aldri opplevd så sterk vind

Både bussar og eit vogntog på 37 tonn vart blåst av vegen på Strynefjellet laurdag morgon.

Dei som har tenkt seg over fjellet i helga, bør følgje nøye med på Statens vegvesens vegmeldingar.

Laurdag formiddag var ingen av fjellovergangane mellom aust og vest heilt opne for fri ferdsel.

Blåste bussar av vegen

Vogntogsjåfør Andreas Skrede frå Olden køyrer over Strynefjellet seks gonger i veka. Han har arbeidd i same transportfirma i ti år, men han har aldri opplevd maken til vind som møtte han på veg vestover tidleg laurdag morgon.

Les også

Meteorologen: – Full storm ved Stad og mye vind i fjordene

Ei vindkule skubba vogntoget hans over vegbanen og inn i autovernet på venstre side.

– Vekta var 37 tonn, og eg hadde piggdekk som burde klore bra frå seg. Men eg vart sendt rett over vegen. Det er første gongen eg er borti så sterk vind der oppe, seier Skrede.

Det var NRK Sogn og Fjordane som først omtalte dramatikken.

Kom seg inn i tunnel

Videoen Skrede filma frå kolonnen, viser kor dårleg sikta var.

– Det ser ut som om eg køyrer. Men det er berre vinden som ruggar på bilen. Eg står heilt i ro, seier Skrede om filmsnutten, som vart tatt opp i 5-tida laurdag morgon.

Skrede greidde så vidt å kome seg inn i Oppljostunnelen på Strynefjellet då den verste vinden stod på.

STYGT: Andreas Skrede køyrer vogntog over Strynefjellet kvar veke. Laurdag blåste bilen hans over vegbanen og inn i autovernet på venstre side. PRIVAT

Tre ekspressbussar som låg bak Skrede i kolonnen, var ikkje så heldige. Dei vart tatt av den kraftige vinden og sklei ut i grøfta.

Hjelpemannskap og ein hjullastar måtte til for å få bussane attende på vegen.

Mange stengt

Statens vegvesen gir lite trøyst til dei som ønskjer over fjellet laurdag.

– Det er stort sett nedbør, sterk vind, snøfokk og vanskelege køyreforhold, seier trafikkoperatør Nina Heggernes hos Vegmeldingssentralen Vest.

Desse fjellovergangane var stengt laurdag ettermiddag:

  • Rv. 7 Hardangervidda
  • Fv. 50 Aurland – Hol
  • Fv. 53 Tyin – Årdal
  • Rv. 13 Vikafjellet
  • Rv. 15 Strynefjellet​
  • E 134 Haukelifjell

Desse hadde kolonnekøyring:

  • E16 Filefjell
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet

Over Filefjell fekk alle bilane i køen vere med når kolonnen gjekk, på dei andre overgangane var grensa sett ved 25 bilar per tur.

Storm i vente

Heggernes hos Statens vegvesen ber bilistane bu seg på at det ikkje vil bli betre utover dagen.

– Vervarslinga seier at vinden berre vil auke på, opp til 20 meter i sekundet. Det er liten storm, sa Heggernes laurdag morgon.

Korkje Hardangervidda, Vikafjellet eller Strynefjellet blir opna att laurdag.