Åtvarar nostalgiske skilt-tjuvar: – Vurderer om vi skal melde dei til politiet

Fylkes- og kommunesamanslåinga får skulda for ei rekke mystiske skilttjuveri denne hausten. No vurderer vegvesenet å melde tjuvane til politiet.

Publisert Publisert

SKILTTJUVERI: Mellom anna skilta det står Sogn og Fjordane på har blitt eit tjuveriobjekt blant enkelte. Foto: Jørn Areklett Omre

  1. Leserne mener

1. januar går Hordaland, Sogn og Fjordane og ei rekke vestlandskommunar inn i historia.

Det betyr at over hundre gamle skilt forsvinn og blir bytta ut med nye der det står til eksempel «Vestland», «Stad» eller «Alver».

Problemet er berre at mange av dei gamle skilta har forsvunne lenge før samanslåinga.

No vurderer vegvesenet å melde tjuvane til politiet.

Les også

Kommunane som forsvinn

FLORA-FISKANE: Flora kommune er ein av kommunane der alle dei gamle vegskilta har forsvunne. Derfor måtte vi ta i bruk dette biletet i staden. Foto: Oddleiv Apneseth

Tjuveribølgje i Flora

Ein av dei som truleg har blitt hardast råka av skilttjuveri dei siste månedande er Flora kommune, som frå nyttår blir ein del av Kinn.

– Alle skilta våre er stolne, konstaterer ordførar Ola Teigen (Ap).

Tjuveria starta allereie tidleg i haust. Etter nokre veker var alle dei fire skilta som viser veg inn i kommunen vekk.

Teigen trur det er kjærleik til gamlekommunen som har ført til at folk har blitt lokka ut i kriminalitet.

– Det er nok mange som har sterke kjensler for kommunen vår. Eg kan ikkje kome på noko anna logisk forklaring på desse tjuveria, seier ordførar Ola Teigen.

MORAR SEG: Ordførar i Flora, og frå nyttår ordførar i nye Kinn kommune, Ola Teigen, synest det er ei tillitserklæring at folk knabbar til seg skilta i Flora kommune. Foto: Rune Sævig

Han synest tjuveria er ei tillitserklæring som viser at folk er glade i kommunen sin.

– Eg synest det er mest moro. Det er ikkje like kult dersom alle skilta står igjen, slik som i Førde. Berre for å nemne ein tilfeldig kommune, seier Teigen spøkjefullt om nabokommunen.

Førebels har ingen av tjuveria i kystkommunen fått rettslege konsekvensar.

– Så langt har det gått greitt. Det er Statens vegvesen som eig skilta, så det må dei vurdere, fortel Teigen.

I andre kommunar hatt skilta fått stå i fred. I Os kommune, som snart blir Bjørnafjorden, har ikkje eit einaste skilt forsvunne.

– Nei, det har vi ikkje høyrt om. Men no er det kanskje nokon som får ein god idé til pynt i kjellarstova, seier ordførar i nye Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg.

MANGE SKILT: Også skilta som står på vidaregåande skular, fylkeshus og tannklinikkar skal bytast ut i tida som kjem. Foto: Tuva Åserud

Kan bli meldt til politiet

Vegvesenet har også merka at skilt har forsvunne.

– Folk stel både fylkesskilt og kommuneskilt, men vi har inga nøyaktig oversikt over kor mange som er stolne pr. no, seier avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.

Han meiner det er uheldig at vegskilta forsvinn fordi det er tjuveri av offentleg eigedom, og fordi det gjer at vegvesenet ikkje kan bruke skilta opp att i framtida.

Har de vurdert å melde tjuveria til politiet?

– Ja, det blir løpande vurdert om vi skal gjere det eller ikkje. Vi har ikkje gjort det til no, men det blir vurdert, fortel Finden.

Han trur også det er patriotisme kan vere ei av årsakene til at enkelte vel å sikre seg eit skilt før fylket eller kommunen forsvinn.

SPLITTER NYTT: Dei nye skilta som skal pryde vegane i Vestland er laga på Euroskilt sin fabrikk i Vik. Foto: Anders Lillesvangstu

– Ikkje akkurat noko dei kan henge på veggen

I vekene framover skal hundrevis av skilt på vegar, vidaregåande skular, tannklinikkar og fylkeshus skiftast ut.

Mange av dei blir laga på Euroskilt sin fabrikk i Vik kommune. Avdelingsleiar Anders Lillesvangstu har arbeidd på fabrikken sidan den opna i 1969, og forstår ikkje heilt kva folk skal med skilta.

– Dei gamle fylkesskilta er 2,8 meter lange, så det er ikkje akkurat noko du kan henge på veggen, seier han og humrar godt, før han fortel at dei nye blir mindre enn før, berre rundt to meter.

Les også

Finn Tokvam gjer seg klar til å ta farvel med Sogn og Fjordane

Så dei blir lettare å stele?

– Dei blir ikkje lettare å stele, men lettare å få med seg, seier Lillesvangstu.

Dei har laga rundt 100 skilt som i vekene framover skal monterast i heile Vestland. To av dei blei montert måndag, og prydar no vegen mellom Møre og Romsdal og nye Stad kommune i Vestland.

2. januar inviterer også Øygarden kommune til markering ved Sotrabrua, for dei som vil få med seg det historiske augneblikket når dei nye skilta til den nye storkommunen blir montert.

Odda-konsertane melder at dei har klart å skaffe alle dei gamle Odda-skilta, og skal lodde dei ut, auksjonere dei vekk eller gi dei vekk. Odda blir ein del av nye Ullensvang kommune over nyttår.

CHAMPAGNEFEIRING: I ruskevêr blei det nye Vestland-skiltet hengt på fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Vestland på Beksle måndag. Både ordførar Alfred Bjørlo frå Eid og ordførar Stein Robert Osdal frå Selje skåla i champagne. Skilta er laga på Euroskilt i Vik. Foto: Kristian Nave

Lillesvangstu har også ei løysing til dei som ønskjer seg eit gammalt Sogn og Fjordane-skilt, men som ikkje vil stele det.

– Her har vi har Sogn og Fjordane-logoen og alt liggande, så om nokon bestiller det, så er ikkje det noko problem å lage dei, seier han.

Publisert