«Eg trur ikkje heile Bergen no er i opprør på grunn av manglande fyrverkeri»

Høyr denne vekas episode av «Nokon må gå».

Publisert Publisert

NY PODKAST: Kommentator Morten Myksvoll, politisk journalist Gerd Margrete Tjeldflåt og kommentator Jens Kihl snakkar kvar veke om sakene som engasjerer og irriterer. Foto: Rune Sævig

Er det eigentleg nok fyrverkeri i Bergen?

Kampen for å få feire Bergens 950-årsjubileum, er ei av sakene i denne vekas «Nokon må gå».

Denne veka blei det kjent at regjeringspartia ber gode krefter i Bergen om å gå saman for å sikre ei skikkeleg markering av jubileet.

– Det er ganske sjeldan det kjem dekret frå Austlandet om at bergensarar må hylle seg sjølv meir, seier politisk journalist Gerd Margrete Tjeldflåt.

Kommentator Morten Myksvoll meiner det ikkje nødvendigvis er eit folkekrav i byen om å ha storstilt feiring.

– Eg trur ikkje det er sånn at heile Bergen no er i opprør på grunn av manglande fyrverkeri. Men det er ein liten del bypatriotar som er veldig opptatt av at det skal vere folkefest ofte, seier han.

«Nokon må gå» er BTs nye podkast om politikk og kvardagsliv.

Kvar veke snakkar politisk journalist Gerd Margrete Tjeldflåt og kommentatorane Jens Kihl og Morten Myksvoll seg gjennom sakene som engasjerer og irriterer.

Høyr vekas episode her, eller i BT Lytt, som du kan laste ned i App Store (for iPhone/iOS) eller Google Play (for Android):

Publisert