Seks av ti i varetekt er utlendingar
Norske fengsel blir fylt opp av utlendingar, og blant varetektsfangar er dei i fleirtal. Berre starten, meiner Kriminalomsorgen region vest.
Akkurat no sit fangar frå 29 nasjonar bak lås og slå i Bergen fengsel. Dei kjem frå land langt borte som Somalia, Vietnam, Irak og USA, og frå land som ligg berre nokre flytimar frå Flesland, som Litauen, Romania — og Sverige.
På tampen av 2009 er dette status i norske fengsel:
- Totalt har nær ein av tre fangar utanlandsk bakgrunn.
- Kring 60 prosent av fangane i varetekt kjem frå eit anna land.
**Les også:
Frykter soningskaos
Frykter soningskaos**
Fleire bak lås og slå
I Bergen fengsel har kvar tredje fange utanlandsk bakgrunn, opplyser direktør Per Sigurd Vaage i Kriminalomsorgen region vest.
— Dette er berre starten på ei ny tid som vi må innrette oss etter, seier Vaage.
I vestlandsregionen har talet på personar i varetekt stige med nær 30 prosent sidan juli i fjor, viser statistikken.
I hovudsak er det personar med utanlandsk bakgrunn som står for auken, opplyser Vaage, og pågangen har vore særleg stor det siste halvåret.
Trenden blir stadfesta av statssekretær Terje Moland Pedersen i Justisdepartementet.
- Det ser ut til å ha vore eit veldig hopp i oktober, og pågangen etter varetektsplassar er større enn nokosinne, seier Pedersen.
- Politiet gjer ein veldig god jobb for tida, og tiltaka mot omreisande kriminelle verkar.
Den siste tida er langt fleire utanlandske kriminelle blitt varetektsfengsla på grunn av unndragingsfaren. Målet er å få dei dømde før dei forlet Norge.
— Mange som sit i varetekt får relativt korte dommar, og ein del soner ferdig i varetektstida. I etterkant må dei ut av landet, opplyser Pedersen.
Flest frå Nigeria og Romania
Nigerianarar og rumenarar utgjer dei største utanlandske gruppene i Bergen fengsel akkurat no.
Tidlegare kom utlendingane som regel ein og ein om gongen, men no har norske fengsel fått ein ny kategori: Utanlandske, organiserte bandar som ofte kjem fire til fem personar i slengen.
Men livet bak lås og slå i Norge blir ikkje alltid som forventa.
- Mange får seg nok ei overrasking. I utanlandske fengsel er det langt større sosial kontakt mellom fangane, og ofte er dei samla i opphaldsrom med 30-40 personar. Men i Norge har vi einmannsrom, og det blir sett på som ei stor ulempe for personar frå slike land, seier Vaage.
- Fengsel i Norge er veldig einsamt, særleg varetektsfengsel. Her møter dei den harde sida av vårt samfunn.
Tungt å få dei heim
Så langt i år er vel 30 dømde utlendingar overførde til soning i heimlandet. For den politiske leiinga i Justisdepartementet er målet at alle skal sone i eige land.
— Ideelt sett skal alle ut så fort som mogleg. Det beste er at alle får sone i heimlandet. Men det er ingen grunn til å leggje skjul på at dette er komplisert å få til, seier statssekretæren.
På Vestlandet forventar regiondirektør Vaage at det internasjonale tilsnittet i fengsla vil vere høgt også framover.
— Men vi har berre eit visst tal på plassar, og varetektsdelen er høgast prioritert. Anten må vi bu oss på lengre soningskøar i framtida, eller bruke opne fengsel i større grad enn tidlegare.
Sjølv går Vaage for det siste alternativet.
— Praktisk erfaring frå Bjørgvin fengsel viser at mange kan sone straffa utan at dei nødvendigvis sit bak høge murar.
KJELDER: JUSTISDEPARTEMENTET. KRIMINALOMSORGA REGION VEST. STORTINGSMELDING NR. 37 (2007-2008). AFTENPOSTEN. KRIPOS.
Les mer om dette temaet
Foto: BERGENS TIDENDE
Mest lest akkurat nå
Her fraktes Kygos piano til det elleville konsertprosjektet
Først måtte han grave opp 600 vinstokker. Så var han i politiavhør. Til slutt kom kulden.
Barnehage legges ned
Politifolk: – Dette er rusreformens tapere
«Det er bare å stålsette seg»
Jernbanelinjen skal korte osloturen med 50 minutter. Nå er byggestart utsatt igjen.