Fullt hus på kjendisloppemarknad

Selde kjendisklede for 100.000 kroner.

Publisert:

GODT KJØP: Kanskje den? Adelinn Westlie såg masse fint på hotelloppemarknaden. Foto: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN

FØRST TIL MØLLA: Ingrid ANne Omland (28) på jakt etter eit kupp. Foto: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN

STOR INTERESSE: Folk stod i kø for å kome inn og gjere eit godt kjøp på Hotel Norge. Foto: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN

Ivrige hender blar seg gjennom klesstativa. Der heng skinnjakka til Nathalie Nordnes, der borte er kjolen Eli Kari Gjengedal brukte i si siste vermelding på TV 2.

Les også:

Les også

Østerrike: 10.000 flyktninger på én dag

Den side kjolen kosta 7000 kroner. No kan du kjøpe den langt billegare og samtidig støtte ei god sak.

Den store salen på Hotel Norge i Bergen var full søndag ettermiddag, ikkje berre av folk, men plagg, sko og vesker.

Alt til syriske flyktningar

Eigentleg hadde initiativtakar Malene Vilnes berre tenkt å halde eit lite garasjesal hos svigermor, og bake ei kake til inntekt for flyktningeaksjonen «Dråpen i havet».

Så balla det berre meir og meir på seg, til ein svært rom stappfullt av klesplagg og 30 kaker.

Les også:

Les også

Å se en flyktning inn i øynene

Bloggarar som Cath in the City og Elin Kristiansen har gått på jakt i garderoben sin. Det har også artistar som Kløver & SkarreR og Miss Tati, komikaren Grim Moberg og dansecrewet Absence.

Solbriller og sko

Alle har donert kjolar, dressar, solbriller og smykke til loppemarknaden. Ein halv time før opninga var køen lang, dei aller fleste unge kvinner.

— Eg kom for å støtte ei god sak og finne noko kult, seier Ingeborg Skov Høie (20).

— Har du funne noko?

— Ikkje enno!

Varme til vinteren

Heller ikkje Ingrid Anne Omland har fått opp lommeboka enno.

— Men eg kom for berre to minutt sidan, seier 28-åringen.

Les også:

Les også

På flukt

Ein del av inntektene går til Alamal, ei foreining som samlar inn vinterklede til syriske flyktningar i Libanon.

— Eg er sjølv dotter av ein flyktning frå Chile. Så då Malene spurde, var det ikkje snakk om å seie nei, seier Elen Alicia Castillo Vik, som er med i arrangementskomiteen.

Les også:

Les også

Jenten i den gule genseren klamrer seg rundt onkelens hals og hyler

— Fornøgd med oppmøtet?

— Ja! Vi håpte at det iallfall dukka opp 20-30 personar, og så er det fullt hus!

100.000 kroner

Loppemarknaden vart avslutta kl. 18. Litt over eintime seinare kan Malene Vilnes konkludere med at dei fekk inn100.000 kroner på dagens marknad.

— Eg er kjempefornøgd. 100.000kroner på berre fire timar er jo heilt supert, seier ho.

— Det harvore masse folk her i dag. Det var stappfullt då vi opna, og dethar vore folk her heile tida. Kor mange som var innom har eg ikkjepeiling på.

Dei kleda som ikkje vart seld har dei samla i sekker.No blir dei gitt dei vidare til Romaniahjelpen.

— Det er flott. Dåfekk vi hjelpt dei og, seier Vilnes.

Publisert: