Paraglidar døydde av skadane

Privatpersonar prøvde å dra 34-åringen opp frå den iskalde Flåmselvi, utan hell.

Publisert:

REDNINGSAKSJOON: Store mannskap frå ambulanse og luftambulanse var på staden i Flåm. Dei dreiv derlivredning av mannen, inntil han blei sendt med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Foto: 2211-tipsar

Tysdag kveld styrta den 34 år gamle mannen i Flåmselvi i Flåm. Han blei sendt til Haukeland universitetssjukehus.

Onsdag kveld melder politiet i Sogn og Fjordane at mannen døydde av skadane.

Var medvitslaus

Styrten skjedde rundt klokka 20 tysdag kveld. Mannen blei funnen medvitslaus.

Lensmann i Lærdal, Helge Øvstetun, seier til BT onsdag kveld at dei har avhøyrd vitne på staden.

Privatpersonar såg styrten og kom til elva i løpet av få minutt.

— Dei prøvde å trekkje han opp, men klarte det ikkje. Elva var stor og kald. Skjermen var framleis festa, og var med på å trekke mannen nedover elva, seier Øvstetun.

Etter få minutt kom brannvesenet til staden. Dei fekk mannen opp. Øvstetun seier at mannen var uti vatnet i minst ti minutt.

Deretter pågjekk hjarte- og lungeredning i over ein time, inntil mannen blei flydd til sjukehus. Helse Bergen melde natt til onsdag at tilstanden var kritisk.

- Tragisk ulykke

34-åringen var frå Flåm.

— Det set sitt preg på samfunnet. For oss er dette ei tragisk ulykke i eit lite miljø, seier Øvstetun. Pårørande reiste til sjukehuset ganske umiddelbart.

Ifølgje lensmannen ser det til no ut som at mannen ikkje hadde med seg andre. Mannen hadde hoppa med paraglider før.

Han blei tatt i land ved Flåm kyrkje, tre kilometer sør for Flåm sentrum.

Dette er den tredje ulykka etter luftsport på få dagar på Vestlandet. Laurdag blei ein mann skadd på Unneland i Bergen — og to menn på Voss.

Les også:

Publisert: