— Ei fråværsgrense tek berre knekken på symptoma og ikkje sjølve sjukdommen, seier Agathe Brautaset Waage, leiar i Elevorganisasjonen i Hordaland.

Ungdommane i AUF, Unge Venstre, KrFU, Sosialistisk ungdom, Rød ungdom og Elevorganisasjonen i Hordaland går no saman mot ei nasjonal fråværsgrensa på 10 prosent.

Straffa elevane

Elevorganisasjonen ønskjer å styrkja skulehelsetilbodet og meiner dette vil redusera det høge fråværet i skulen. Dei vil ha skulepsykologar i 20 prosent stilling pr. 500 elev, og ei helsesøster pr. 250 elev.

— Det er dyrt, men det er det me treng. Fråværsgrensa blir eit våpen som lærarane kan bruka for å straffa elevane. Det er ei enkel løysing som ikkje tek tak i kjernen i problemet. Elevar har sjølve valt å gå på vidaregåande. Då må det vera skulen som har svikta, om elevane ikkje ønskjer å møta opp, seier Waage.

Verka mot hensikta

Leiaren i AUF Hordaland, Mari Klokkerstuen Kjellesvik, forklarar at dess meir elevar skulane klarar å pressa inn i eit klasserom, dess meir pengar får dei. Dette bidreg til eit dårleg klassemiljø, som ho meiner er ein av grunnane til at fråværstala har auka.

— Me må gå vekk ifrå denne ordninga. I staden må me få fleire lærarar inn i skulen, styrke skulehelsetenesta og få skulepsykologar. Dette meiner eg vil redusera fråværet og fråfallet i skulen. Regjeringa prøver å forby problemet, lukke augo og tru at problemet går vekk, i staden for å sjå på årsaka til problema, seier Kjellesvik.

Treng skulepsykolog

Alle dei seks ungdommane er einige i at skulehelsetenesta burde bli styrkja. I dag er det slik at ein må få tilvising frå legen for å gå til psykolog. Ungdomsleiarane meiner dette er tungvint. Om helsesøster kunne visa direkte til psykolog, hadde det blitt enklare for elevane å skaffa hjelp.

— Dersom ein har ein diagnose, så får ein dokumentasjon på at ein er sjuk. Men kva om ein tenåring har ein veldig dårleg periode og ikkje søkjer hjelp? Ein 15-åring kjem aldri til å gå til kontaktlæraren sin og sei «beklagar, men hjernen min fungerer ikkje i dag og eg fekk angstanfall». Her treng ein skulepsykologar, seier Hilde Maria Boberg Andresen, leiar av Hordaland Sosialistisk ungdom.

Skapar sosiale skilnadar

Eit alternativ til fråværsgrensa er studiepoengmodellen. Dette vil kunne letta skulekvardagen for mange som syns den er tung. Basisfag som norsk, engelsk og matematikk burde stå. Men elevane burde i større grad kunne velje kva dei vil lære på skulen.

— Me er for dårlege til å jamne ut forskjellar i skulen. Fråværsgrensa går ut på å luka vekk dei svakaste. Me kan ikkje lata skulen bli den sterkaste rett. Dette vil skapa sosiale skilnadar og det er ikkje det skulen er skapt for, seier Sondre Hansmark Persen, nestleiar i Hordaland Unge Venstre.

Meir press enn før

Waage syns det er trist at kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen er så bastant på vedtaket om fråværsgrensa og meiner det er krise at dette er på dagsordenen. Ho forklarar at Kunnskapsløftet har ført til høgare forventningar og meir testing av elevane.

— Verden er i endring og forventningane til ungdom blir større og større. Det har samanheng med at fleire elevar slit med psykiske problem. Tilboda må endra seg. Det har ikkje skjedd. Dersom ein snakkar med folk som er født på denne sida av totusentalet så vil ein sjå at ei fråværsgrensa er problematisk, seier Kjellesvik.

Må spørja elevane

— Det å setja ei maksgrense for fråvær slik at lærarane får moglegheiten til å stryka elevar med høgt fråvær hjelper ikkje elevane. Me må spørja oss kvifor elevane ikkje møter til timen og setja inn tiltak som vil hjelpa. Ein elev som sliter med låg motivasjon, blir ikkje betre av ein varsel om nedsett ordenskarakter eller stryk i eit fag, seier Eivind Skår, leiar i KRFU.