– Dette er befriande. Det har vore trist å site heime.

Då Stereo endeleg kunne opne dørene igjen klokka 15, var det kø utanfor.

Rosa Doublet, Andreas Nielsen og Inger Høstmark har gleda seg til å kunne nyte alkohol på bar igjen.
  • Adalheidur Audardottir Oldeide
  • Bård Bøe
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er 14 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt livesenter for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til livesenteret

31 dagar etter at det blei innført nasjonal skjenkestopp, har ein venegjeng frå Bergen samla seg på uteplassen Stereo i Christies gate.

Alle er samde om at den siste månaden har vore «ganske trist».

– Eg har sakna det sosiale, spesielt den klassiske fredagspilsen. Dette er befriande. Det har vore trist å berre sitte heime, seier Rosa Doublet (34).

Rosa Doublet og venninna Karen Høstmark meiner den nasjonale skjenkestoppen har vara for lenge.

– For lenge

Fredag meldte Bergen kommune om 445 koronasmitta, ikkje langt unna rekordhøge 471 smitta i desember i fjor.

Likevel blei det torsdag bestemt å lette på tiltaka, mellom anna den nasjonale skjenkestoppen.

No er det altså lov å servere øl, vin og sprit fram til klokka 23. Det var på høg tid, meiner venegjengen på Stereo.

– Denne skjenkestoppen har vart for lenge. Det er ikkje det same å møtast heime hos nokon, seier Andreas Nielsen (34).

Tim Skønberg, medeigar ved Stereo i Christies gate seier det har rent inn med gjestar fredag kveld.

– Dette har vi venta på

Tim Skønberg er ein av eigarane av Stereo. Han seier det allereie var gjestar som stod utanfor døra og venta då dei opna fredag klokka 15.

– Etter det har det berre rent inn med folk. Det er fantastisk å sjå fulle lokale i kveld. Dette har vi venta på.

Baren, som ligg i dei gamle lokale til Garage, skulle eigentleg ha opna dagen etter at Noreg stengde ned 12. mars i 2020. Sidan den gong har Skønberg opna og stengt ølkranene fleire gonger.

– Eg er ganske lei av dette. Det var på høg tid det tok slutt.

Sjølv om skjenkjestoppen er over, er det framleis restriksjonar ved uteplassane. Skjenking skal til dømes skje ved borda, og uteplassane har ansvar for å registrere gjestar som samtykker til det.

I tillegg er det krav om munnbind der det ikkje er mogeleg å halde meteren når ein ikkje sit ved bord.

Skønberg seier han fryktar for dei tilsette dersom det kjem enda ein skjenkjestopp.

– Må vi permittere igjen, så må vi berre gjere det. Men vi håpar sjølvsagt vi får halde dei tilsette lengst mogeleg i arbeid.

Det var fulle uteserveringar i Skostredet fredag kveld.

Ba om frihelg

Tommy Grov er tilsett ved Folk og Røvere i Skostredet, men fredag kveld kunne han nyte uteserveringa som gjest i staden for å vere på jobb bak baren.

– Eg spurte barsjefen om eg kunne sleppe å jobbe første opningshelg. Dette har eg gleda meg til, seier Grov.

Han seier han har sakna å vere på jobb, men mest av alt å bli kjent med nye folk.

– Det er utruleg deilig å sjå litt nye fjes her. Eg har sakna dette veldig.

Dei nye tiltaka tok til å gjelde fredag, og vil bli vurdert på nytt i starten av februar.

Frederik Trondsen (26) og Tommy Grov (34) koste seg på uteserveringa til Folk og Røvere i Skostredet.
Publisert
  1. Koronaviruset
  2. Koronaviruset
BT anbefaler

Det var «vinn eller forsvinn». Nå har hun tapt gårds­striden for tredje gang.

Saken om Haugland bondegård har vært oppe i Høyesterett. Men også der tapte Malene Johnsen og naboen saken.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. Politiets søk går over i ny fase

  2. Her satt han og gamet. Så ble rommet pepret med stein.

  3. Trøbbelet for Bybanen er løst

  4. Hemmelig super­stjerne skulle samle 45.000 mennesker på Dokken. Nå er det avlyst.

  5. Øyvind oppdaget at en kjenning er antivakser. Hvordan skal han forholde seg til det?

  6. Helsedirektoratet mener Øygarden er i en kritisk situasjon. – Det var egentlig veldig udramatisk.