Generasjonar mot mastene

Meir enn ei halv jernbanevogn med hardingar i alle aldrar toga i natt mot Oslo til ny demonstrasjon mot kraftmastene. Kanskje den siste.

Publisert Publisert

FOTEFAR: Skuleborn i Kvam, Granvin og Ulvik har sett sine spor på banner som skal vera med i demonstrasjonen mot Hardangermastene i Oslo i dag. FOTO: Arne Hofseth

  • Arne Hofseth
icon
Denne artikkelen er over ni år gammel

Det er ikkje over før det er over. Ungdom frå Kvam, Granvin og Ulvik vil minna regjeringa om at mastebygging i Hardanger er lite framtidsretta.

Fotavtrykk

«Fotefar for framtida» står det på ein av bannera som skal berast på Karl Johan og i Regjeringskvartalet i dag, framfor første regjeringskonferansen etter høyringsrunden om sjøkabelutgreiingane.

Resten av banneret er fylt av fotavtrykk i gilde fargar. Skuleborna i Hardanger har dei siste dagane dyppa ein fot i måling, og deretter sett avtrykk på lereftet. Denne gongen er det besteforeldregenerasjonen som har klekkja ut ideen.

Kan vera skjebnetimen

— Avgjerda kan falla i dag, men det er ikkje sikkert, seier initiativtakar Joakim Winters.

Han har høyrt rykte frå Oslo om at regjeringskonferansen blir litt utsett i dag, og skal haldast på eit klokkeslett då statsråd Terje Riis-Johansen er oppteken på anna hald.

I alle fall sette flokken av ungdomar og besteforeldre seg på nattoget på Voss seint i går kveld og slumra mot Oslo.

Klok av skade

Men før avgang sytte Vilde Hamre, den nye leiaren i Granvin ungdomsråd, for å notera namn og telefonnummer til alle sine deltakarar. Dei veit godt kor viktig slike detaljar er på ei fellesreise. Etter ein tidlegare mastedemonstrasjon i Oslo, køyrde bussen utfor vegen i snøføyka på Hardangervidda på heimvegen.

NY LEIAR: Vilde Hamre er ny leiar i Granvin ungdomsråd. Ho overtok etter Synnøve Kvamme.

TOK INITIATIVET: Bestefar Joakim Winters frå Ulvik fekk ungdommen til å tenna på ideen om fleirgenerasjonsaksjon i Oslo i dag. FOTO: Arne Hofseth

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

På syv år prøvde Øystein fem jobber og tre utdanninger. Så traff han blink.

Alle tre valgte feil studier etter videregående. Slik løste de det.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. Seks personer smittet – halve skolen i karantene

  2. – NRKs «Innafor» bommer grovt, igjen

  3. Trump-tilhenger i Bergen får svar: – Rent oppspinn

  4. Økonomiprofessor: Trumps politikk kan kjøre hele den vestlige verden i grøften

  5. Denne uken får fastlegene influensavaksinen

  6. – Nicole Kidman er som alltid glimrende