- Stemma og dialekta er noko av det mest personlege ein har. Eg gjekk rett i kjellaren, fortel Linda Eide.

Ho lova seg sjølv å aldri meir snakka i ein mikrofon. Men sjølv om NRK Hordaland strauk henne frå vaktlistene, ville NRK Dagsnytt gjerne ha den unge, talentfulle reporteren i Bergen.

I dag er Eide ein av dei mest populære programleiarane i NRK, og ho er kåra til ein av «Dei 15 mest vestlandske vestlendingane» av BT sin jury. Møt vossingen, som nettopp er ferdig med andre sesong av TV-serien «Eides språksjovv», i ein ny podkast frå BT.

Abonner på serien via iTunes her, eller bruk RSS i en podcast-app.

PÅ VANGEN: Linda Eide konfirmerte seg i Vangskyrkja, men angrar. - Hadde eg hatt meir eigenvilje, ville eg nok ikkje gjort det, seier Eide.
Kjersti Mjør

I juryen: UiB-professorane Anne Lise Fimreite, Tone Hellesund og Geir Atle Ersland, samt BT-kommentator Eirin Eikefjord og sjefredaktør i Bergens Tidende, Øyulf Hjertenes.

HJÅ MOTTRO: BT blir med Linda Eide heim til Voss, der ho plukkar nokre høner med mor Gudrun.
Kjersti Mjør