Denne bergensaren redda grunnlova

Han var strategen, som avverga krig mot svenskane og sikra den norske grunnlova. Wilhelm Christie kunne blitt statsminister, men ville heller heim til Bergen. No er 1814-helten kåra til ein av «Dei 15 mest vestlandske vestlendingane» av BT-juryen.

  • Start lyden ved å trykka på play øvst i artikkelen

«Presidenten» kalla bergensarane han. Den tidlegare stortingspresidenten Wilhelm Frimann Koren Christie var ikkje berre høgt respektert for sin avgjerande innsats på Eidsvoll i 1814.

Han var også gründeren av Bergens Museum, forløparen til Universitetet i Bergen. Dessutan var han stiftsamtmann, eller fylkesmann, i det som i dag er Hordaland og Sogn og Fjordane.

Christie var ungkar og glad i lystige lag. Ein gong i veka svinga han begeret i den bergenske herreklubben «Quodlibet».

Men i 1822 vart han sjuk.

EIDSVOLL 1814: Mannen i raud jakke til høgre for talaren, er Wilhelm Christie frå Bergen. Han spelte ei viktig rolle både om våren og hausten i det dramatiske året. Scan-Foto

Kanskje var stress og tanken på to uekte søner i København årsaka. Etter at mora til gutane døydde, levde dei fattigsleg i den danske hovudstaden. Christie måtte ta eit val.

Wilhelm Frimann Koren Christie (1778–1849) er kåra til ein av «Dei 15 mest vestlandske vestlendingane» av BT.

PÅ SOKKEL: Werner Christie har full oversikt over Muséplass og Christies gate. Statuen, som er laga av Christopher Borck, vart avduka i 1868 på Torgallmenningen. I 1925 vart monumentet flytta til Muséplass. ARKIV

Abonner på podkast-serien via iTunes her, eller bruk RSS i ein podkast-app.

I juryen: UiB-professorane Anne Lise Fimreite, Tone Hellesund og Geir Atle Ersland, samt BT-kommentator Eirin Eikefjord og sjefredaktør i Bergens Tidende, Øyulf Hjertenes.