- Me høyrde eit kraftig smell

Fleire bygg er tekne av eit stort jordskred i Jostedalen i Sogn.

STORE KREFTER: Jordskredet feia med seg fleire uthus, opplyser augevitne. Tom Kreken

j2.jpg Tom Kreken

j3.jpg Tom Kreken

STORE KREFTER: Jordskredet feia med seg to eller tre uthus. Oddmund Hoel

— Me høyrde eit enormt smell, så rasa fjellet nedover, seier Tom Kreken til BT.

I 09.30-tida gjekk det kring 200 meter breie jordraset i Krundalen, ein sidedal i Jostedalen i Luster kommune.

Les også:

Les også

Varsla om skredfare, men trekte varselet tilbake

Kreken bur eit par hundre meter nedanfor der jordraset stoppa.

— Eg såg fleire uthus som rauk med, men ingen hus det bur folk i, seier Kreken.

Auka skredfare

Like etter at raset gjekk i Jostedalen, varsla NVE om auka skredfare måndag.

— Dette som ein konsekvens av den forventa nedbøren dei neste dagane, seier Brigt Samdal, regionsjef i Norges vassdrag og energidirektorat (NVE).

NVE sende òg ut eit varsel laurdag, men trekte det tilbake berre nokre timar før skredet.

Ingen menneske tekne

Det bur mellom 70 og 80 personar i den vetle sidedalen i Jostedalen. Ingen skal vere tekne av raset.

— Det er berre flaks. Det er mange dyr og fleire uthus som blei råka av raset. Heldigvis ingen menneske, men det var nok ein del som sette kaffen i halsen i dag tidleg, seier Kreken.

200 meter breitt

Ifølgje Kreken er raset kring 200 meter breitt og starta kring 500 meter oppe i fjellsida.

— Raset delte seg på midten, no står det ein del dyr fast mellom elva og sjølve raset.

- Me prøvar å berge dyra

Sauebonde Ove Baggetun sat på stova si og såg opp mot fjellet då han såg at fjellsida byrja å rase nedover.

— Det kom eit enormt smell. Det var spesielt å sjå, seier Baggetun.

Då BT snakkar med han, er han på veg opp i fjellsida for å berge sauene sine som står fast.

— Det er ti dyr som er innesperra. Eg har nettopp fått opp tre sauer frå elva, seier Baggetun.

Kom mange dyr han har mista, veit han ikkje.

— Dei sprang alle retningar då skredet gjekk. Eg veit ikkje kor mange som er tekne, seier han.

Store massar i elva

Ordførar i Luster kommune, Ivar Kvalen, fortel at det er store massar som har rasa ut i elva.

— Me håpar på at elva vil vaske massane ut, men NVE har sagt at dei vil kome til staden dersom det er behov, seier Kvalen.