Vil KrF velte regjeringa til Erna Solberg?

Eit lite parti i full splid sit med nøkkelen til vår politiske framtid. Korleis vil det politiske dramaet i KrF ende?

Publisert Publisert
Leserne mener

Dersom Knut Arild Hareide får det som han vil, kan han velte regjeringa til Erna Solberg før jul.

Alt står på spel for bømlingen, som vil gjere Ap-Støre til statsminister. Fleire meiner han må gå av som leiar om han ikkje lukkast.

MÅ ERNA GÅ? Knut Arild Hareide har rådd partiet til å søke samarbeid på venstresida, i staden for å støtte statsminister Erna Solberg si regjering. Det kan bety slutten for statsministerkarrieren til Solberg. Foto: Håvard Bjelland

Langt i frå alle i KrF vil vere med på snuoperasjonen mot venstre, og protesterer mot Hareide sitt forslag.

Vi har spurt politisk redaktør Frøy Gudbrandsen og politisk journalist Kjetil Gillesvik om kvifor dette skjer akkurat no, og korleis det vil ende.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Soundcloud eller søk den opp i din podkast-app.

Produsent er Henrik Svanevik.

Publisert