Podkast: – Er dette toppen av dobbeltmoral?

Oljefondets klimaplan blir radbrekt i vekas «Nokon må gå».

Publisert Publisert

Denne veka kom nyheita om at norske oljepengar innan 2050 berre skal investerast i nullutslepps-verksemder.

Det er kanskje toppen av dobbeltmoral, ifølgje gjengen i «Nokon må gå».

– Viss Noreg var ein person, ville me vore Gunhild Stordalen. Som seier folk må skamme seg for å ete kjøt, men flyr privatjet, seier kommentator Gerd Tjeldflåt.

På Stortinget har det denne veka vore krisemøte om straum, utan at det resulterte i nye løysingar. Og i Bergen er eit nytt bybudsjett lagt fram, krydra med ein overveldande mengde bibelreferansar. Kanskje for å blidgjere KrF etter kutt i nesten alle deira hjartesaker?

Vekas «Å Vestland» handlar om det rike korpsmiljøet i Nordhordland, og om naborivalisering.

Høyr episoden i spelaren over, eller der du vanlegvis lyttar til podkast.

Hør i BT-appen | PodMe | Spotify | Itunes

Høyr meir godt lydinnhald i BT-appen (trykk på Podkast-knappen nedst i appen). Last ned BT-appen her.

Du finn også denne podkast-serien på Podme. BT-abonnentar kan aktivere tilgang til Podme her.

Publisert

Les mer om dette temaet