- Ikkje spesielt komplisert inngrep

Helse Bergen jobbar for at Hallvard Rykkje skal få prøve ein pacemaker, men kan ikkje opplyse når. 

Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over ti år gammel

Hrafnkell Thordarson er seksjonsoverlege ved Endokrinologisk seksjon på Haukeland Universitetssjukehus. Han opplyser at han ikkje kjenner den direkte årsaka til at søknaden om behandling for Hallvard Rykkje i Sverige vart trekt tilbake.

— Men det kan vere fordi Haukeland har vurdert det slik at denne behandlinga er på eit forsøksstadium på Sahlgrenska, og derfor ikkje fell innanfor regelverket for inngrep som kan utførast i utlandet, seier Tordarson.

- Deretter vart det bestemt at Rykkje skal få prøve ein mellombels gastrisk pacemaker på Haukeland?

— Ja, det blir jobba for å få til det.

- Men søknaden om operasjon i Sverige vart jo sendt fordi Haukeland ikkje hadde eit slikt tilbod?

— Dei som søkte, var kanskje ikkje heilt sikre på korleis dette skulle vurderast. Du må sjå det slik.

- Har Helse Bergen eit slikt tilbod i dag?

— Det er ikkje etablert, men det blir jobba med å tilby Rykkje eit slikt opplegg. Det er ikkje eit spesielt komplisert inngrep.

- I eit brev datert 9. januar står det at Helse Bergen jobbar med ein forskingsprotokoll for temporær gastrisk pacemaker. Betyr det at Helse Bergen skal i gang med eit forskingsprosjekt?

— Ja, slik må ein forstå det, men det kan vere nødvendig å kontakte Etisk komite.

- I brevet står det også at overlegen som jobbar med protokollen, har forskingspermisjon i fire månader. Betyr det at det tidlegast kjem ei avgjerd i april?

— Det kan eg ikkje seie noko om, men eg vil ikkje tru det.

- Både Rykkje og foreldra er svært frustrerte over at han enno ikkje har fått prøve pacemaker. Kva er din kommentar til det?

— Vi er veldig klar over sjukdommen til Rykkje og situasjonen han er i. Det er ikkje vanskeleg å forstå frustrasjonen, men det finst ingen opplagt behandling for problemet han har. Vi er ikkje sikre på den underliggjande årsaka.

- Mellombels pacemaker er den einaste behandlinga som har vore aktuell, og inngrepet på Sahlgrenska kostar inntil 70.000 kroner. Kvifor kan han ikkje få operasjon i Sverige?

— Du spør ikkje rett person.

- Kva meiner du?

— Mange avdelingar har jobba med dette. Så har det stoppa opp. Det er ikkje opplagt kva type behandling han bør få.

- Kjem han til å få prøve pacemaker på Haukeland?

— Ja, vi jobbar for at han skal få prøve.

- Kan du antyde når?

— Det er vanskeleg for meg. Dette har tatt lenger tid og vore meir komplisert enn vi rekna med. Mange aktørar på sjukehuset har vore med i avgjerdsprosessen.

- Faren meiner at Hallvard Rykkje er blitt offer for budsjettkniven i Helse Bergen. Kva er din kommentar til det?

— Vi må alltid sjå kva vi har av ressursar, men eg trur ikkje at det er eit hovudelement i denne saka.

Publisert: