Firdaposten legg om frå laurdags- til fredagsavis på grunn av post-rot

Firdaposten i Florø legg om frå laurdags- til fredagsavis for å sikra at avisa kjem fram til alle abonnentane.

Publisert Publisert

RADIKALT GREP: Redaksjonen i Firdaposten gir ut helgeavisa om fredagen for å unngå distribusjonskrøll. Redaktør Svend Arne Vee bak til venstre. Dei andre på biletet er (frå v.) Heidi Hattestein, Liv Standal, David E. Antonsen og Olav Hatlemark. Foto: Dag Nesbø Frøyen

  • Knut Langeland
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

– Bommar vi på distribusjonen til så lite som ein eller to promille av abonnentane våre, vil det skapa så mykje støy og ekstraarbeid for ein liten organisasjon som vår, at det ikkje vil vera forsvarleg.

Det seier ansvarleg redaktør i Firdaposten i Florø, Svend Arne Vee.

– Føre var

Til no er det Posten Norge som har distribuert aviser på laurdagar, men så lyste Samferdselsdepartementet i vinter ut anbodskonkurranse. Den vann Kvikkas.no, og dermed får landet éin avisdistributør på vekedagane, og ein heilt annan om laurdagen.

I Firdaposten føler dei seg langt frå trygge på at den nye distributøren, på kort sikt, iallfall, vil vera i stand til å utføra tenesta like godt som Posten har gjort. Difor har dei valt å gi ut avis om fredagen i staden for om laurdagen. I første omgang som eit prøveprosjekt ut året.

– Vi gjer dette for å vera føre var. Så evaluerer vi både korleis dette har fungert for oss, men også korleis Kvikkas har lukkast i andre område, seier Svend Arne Vee.

Manglar gateadresse

Firdaposten-redaktøren vil ikkje gå så langt som til å seia at han ikkje stolar på Kvikkas.no.

– Men det biletet som til no er blitt teikna, gjer at eg ikkje vil setja meg i den båsen dersom eg kan unngå det, seier Vee.

Og det kan han, ved å gi ut helgeavisa om fredagen.

Det er særleg abonnentane i grisgrende strok han er uroleg for. Det gjeld for Firdaposten om lag ein fjerdedel av opplaget på knapt 4500 aviser. Mange av abonnentane i denne delen av nedslagsfeltet har ikkje gateadresse. Det gir særleg grunn til uro, meiner redaktøren.

Kritisk til prosessen

– I Bremanger, til dømes, der vi konkurrerer med Polaris (Fjordenes Tidende, red. anm.), har vi 6–700 abonnentar. Vi har ikkje råd til å miste ein einaste av dei. Difor har vi gjort dette grepet, seier Vee, som er kritisk til heile prosessen som har gått føre seg i denne saka.

– Eg forstår at det må sparast og drivast rasjonelt, kanskje innanfor dette feltet også. Men eg stiller spørsmål ved om Samferdselsdepartementet har gjort jobben sin i denne saka. Går vi 20 år tilbake i tid, kunne dei lese papirutgåva av tirsdagsavisa vår om torsdagen i sjømannskyrkja på Manhattan. I dag klarer vi ikkje å nå nabokommunen på den same tida. Det er ein underleg form for framsteg, seier Svend Arne Vee.

Grenda legg ned laurdagsavisa

I Grenda, som kjem ut i Rosendal og er lokalavis for Kvinnherad, er konsekvensen av den nye distribusjonsavtalen også dramatisk. For fem-seks veker sidan vedtok avisleiinga rett og slett å slutta å gi ut laurdagsavis.

– Vi vågar ikkje å basera oss på ein distribusjon som vi ikkje veit kva vil innebera. Difor gav vi ut vår siste laurdagsavis for ei veke sidan. Frå og med denne veka kjem avisa berre ut om tirsdagen og torsdagen, seier redaktør Håvard Sætrevik.

Sætrevik lovar likevel at abonnentane samla sett skal få eit like fyldig avistilbod som dei til no har hatt.

– Vi har eit uttalt mål om at talet på sider i løpet av ei avisveke ikkje skal reduserast. Volumet på papiravisa skal vera minst like stort som det har vore. I tillegg aukar vi aktiviteten på nett. Vi synest likevel sjølvsagt at dette er trasig, seier redaktøren.

Firda førebudd på problem

Også i avisa Firda, som kjem ut i Førde, er dei førebudd på problem når distribusjonen komande laurdag blir overteken av Kvikkas.no.

– Vi er litt usikre på om dei har kontroll på alle postkassane. Distribusjon er vanskeleg, særleg i område der dei ikkje har gateadresse. Difor har vi gjort abonnentane merksame på at det kan bli manglar ved leveringa. Vi veit av eiga røynsle at det kan skje i ein innkøyringsperiode, seier ansvarleg redaktør og dagleg leiar, Yngve Årdal.

2000 BT-abonnentar blir råka

Bergens Tidende har 2000 abonnentar som på ulikt vis blir råka av den nye distribusjonsløysinga. Det gjeld til dømes alle som har postbokslevering. Om lag 500 vil ikkje lenger få avisa om laurdagen. Tusen abonnentar risikerer å få avisa seinare på dagen enn dei har vore vande med, ettersom Kvikkas har freist til klokka 17.00 med å levere. Dei siste 500 vil få tidlegare levering fordi BT har funne andre løysingar.

– Dette er ille, men ikkje så ille som det såg ut for nokre veker sidan, seier sjefredaktør Øyulf Hjertenes.

– Papiravisa er framleis sentral, og laurdagsavisa er den viktigaste. Slik sett handlar dette om papiravisas posisjon i det norske mediebiletet. Difor er dette utruleg synd, ikkje berre for mediehusa, men for det norske demokratiet, seier Hjertenes.

Informerer abonnentane

Han legg til at dei abonnentane som blir råka, alle vil bli informerte om problemet.

– Og vi held fram med å gjera vårt beste for å finne gode løysingar for så mange som mogeleg.

Hjertenes seier seg lei for at eit anbodsregime skal laga ekstra problem for mediene i ei tid som er vanskeleg nok.

På landsbasis er det frykt for at så mange som 45.000 abonnentar kan stå utan avis når Posten sine distributørar sluttar med avisombering.

Politisk spel

Dagleg Leiar i Kvikkas.no, Stig Kleive, er oppgitt over den skepsisen som selskapet blir møtt med. Han føler at Kvikkas blir brukt i eit politisk spel, der det underliggjande er eit ønskje om meir offentlege midlar til å lage og distribuere avis.

– Vi likar ikkje denne kjensla av å vere ei brikke i eit politisk spel. Politikken vil ikkje vi vere ein del av, vi vil berre levere varene, seier Kleive.

Han seier at han aldri i sitt liv har fått så mykje kjeft for ein jobb som han enno ikkje har byrja på. Allereie har mange abonnentar ringt og klaga på aviser som ikkje er blitt levert.

– Og det lenge før Kvikkas har teke over ansvaret! Det som blir skrive om oss, er urimeleg, det er faktisk feil og det er unfair, seier Kleive.

Like urimeleg, ifølgje Kleive, er alt det som ikkje blir skrive.

Krevjande jobb

– At vi har vore utruleg fleksible med omsyn tl innleveringstider og innleveringspunkt. At vi har utvida freistane. At vi har vore ekstremt imøtekomande når det gjeld avisene sine behov. Det blir det ikkje skrive noko om. Hadde vi stått steilt på innleveringstidene våre, ville det vore langt færre fornøgde kundar, seier Kleive.

Sidan Kvikkas i juli vann anbodskonkurransen om avisdistribusjon, har selskapet jobba knallhardt for å få på plass det apparatet som skal til for å utføra tenesta. Stig Kleive karakteriserer jobben som svært krevjande. Han meiner selskapet, og alle underleverandørane, no er klar for oppgåva.

Ikkje berre opp til Kvikkas

– Men alt kjem ikkje til å gå smertefritt. Eg kan ikkje garantere at alle får avisa si. Vi har brukt lang tid på å planlegge dette, det er mange som skal ut og køyre. Det er klinkande klart at eit eller anna vil oppstå. Tenk berre på Nordland fylke, 85 mil frå sør til nord. Det er enorme avstandar i dette landet, mykje som skal klaffe, og alt er ikkje berre opp til oss. Er avisene rett pakka? Blir dei leverte til rett stad og til riktig tid? Det som er sikkert, er at både avisene og vi er gira på at dette skal vi få til, seier Kvikkas-sjefen.

– Kva tenkjer du om at somme aviser legg om drifta si i frykt for at distribusjonen ikkje vil virka?

– Nei, eg veit nesten ikkje kva eg skal tenkje om det. Mediebransjen er i endring, og eg tenkjer at dette er ei omlegging som ville ha funne stad uavhengig av oss. Eg håpar iallfall at den type marknadstilpassing er basert på forretning og ikkje fordi det no er eit anna selskap som skal leggje avisa deira ned i ein postkasse.

Publisert

Sakene flest leser nå

  1. Lege mener korona-glasset på Stortinget ikke hindrer smitte

  2. Venner om den drapssiktede 20-åringen: Skal ha endret seg den siste tiden

  3. Tar demonstrasjonene til Bergen

  4. Politiet: – Det haglet inn med meldinger

  5. – Norge har nettopp åpnet en ny næring. Anslått verdi: 1000 milliarder.

  6. Noen år tidligere ville babyen ha blitt lagt i en skoeske

  1. Posten
  2. Samferdselsdepartementet
  3. Firda
  4. Firdaposten
  5. Bremanger