– At bompengar er den viktigaste politiske saka i Noreg er litt som å spytte ungdommen i trynet

PODKAST: Tusenvis av ungdommar er redde for si eiga framtid. No streikar dei for å få politikarane til å lytte.

STREIKAR FOR KLIMAET: 16-åringane Jarand Helle Bøyum, Lovise Espeland og Liv Wallace er med i Natur og Ungdom og er tre av fleire tusen ungdommar som krev handling frå politikarane.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Over heile verda gir born og ungdom klar beskjed – vi må skjerpe oss og kutte i klimautsleppa før det er for seint.

I Bergen streika heile 4000 born og ungdommar. Ein av dei var 16 år gamle Liv Wallace.

– Eg skulle ønskje eg kunne ha ein barndom der eg slapp å tenkje på slike problem. Eg føler meg litt snytt, for dette skal eigentleg vaksne ta hand om, fortel ho.

Ho er også med i Natur og Ungdom saman med venene Jarand Helle Bøyum og Lovise Espeland.

I vekas episode av BT20 fortel dei om kvifor dei streikar, kva dei vil politikarane skal gjere og korleis dei trur framtida vil sjå ut.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Spotify eller søk den opp i din app. Du finn den også i vår nye podkast-app BT Lytt, som du kan finne i App Store eller Google Play.

Publisert: