Over heile verda gir born og ungdom klar beskjed – vi må skjerpe oss og kutte i klimautsleppa før det er for seint.

I Bergen streika heile 4000 born og ungdommar. Ein av dei var 16 år gamle Liv Wallace.

– Eg skulle ønskje eg kunne ha ein barndom der eg slapp å tenkje på slike problem. Eg føler meg litt snytt, for dette skal eigentleg vaksne ta hand om, fortel ho.

Ho er også med i Natur og Ungdom saman med venene Jarand Helle Bøyum og Lovise Espeland.

I vekas episode av BT20 fortel dei om kvifor dei streikar, kva dei vil politikarane skal gjere og korleis dei trur framtida vil sjå ut.

Abonner på podkast-serien via iTunes, på Spotify eller søk den opp i din app. Du finn den også i vår nye podkast-app BT Lytt, som du kan finne i App Store eller Google Play.