I dag var det sommar i Bergen, men no ser det dystert ut

Meteorologane melder mogelegheit for tore og kraftige regnskur. Men i det fjerne kan ein skimte sola.

Sola har knapt vore synleg dei siste vekene i Bergen, men fredag titta ho endeleg fram. Foto: Jannica Luoto

  • Kyrre Fitje
  • Synne Bjerkestrand
  • Silje Katrine Robinson
Publisert Publisert

– Dette er første gong på Fløyen sidan 1987, seier Jarle Stepanenko frå Jevnaker.

Saman med døtrene Isabel (12) og Natalie (13) nyt han sommardagen på Fløyen.

Med temperatur over 20 grader og ein nær skyfri himmel var fredag ein skikkeleg sommardag i Bergen.

Blomeelskar

På paviljongen i sentrum sit Luna Hovden (4) og nyt sommardagen.

Luna elskar blomar.

– Når eg finn ein blome eg ikkje kjenner, tar eg dei med heim og slår opp i blomeboka mi, fortel Luna.

Liz Hovden, Lunas mor, seier paviljongen er Lunas favorittstad.

– Vi måtte ta turen hit når vi var i byen, seier ho.

Luna Hovden (4) elskar blomar! Foto: Silje Katrine Robinson

Men ifølgje vêrmeldinga får ikkje Luna nyte blomar i sommarvarme på ei stund.

– Det var veldig flott fredag. Så blir det ok lørdag, men etter det ser det dystrare ut, seier vakthavande meteorolog Gunnar Livik i Meteorologisk institutt.

Livik fortel at det kan byrje å drype regn utover ettermiddagen og kvelden på laurdag.

– I morgon blir nok siste dagen med over 20 gradar i denne omgang, seier Livik.

Han forklarar at utover søndag blir regnbyene hyppigare og kraftigare. Temperaturen går også ned.

– Det er mogelegheit for at det kan kome tore. Det kan også kome nokre kraftige regnskallar, seier Livik.

Livik presiserer at byene kan variere mykje.

– No er det slutt på moroa

Livik for støtte frå vakthavande i Stormgeo, Roar Teigen.

– No blir det slutt på moroa. Stikkorda for neste veke er lågtrykk og frontar frå Nordsjøen som kjem innover Sør-Norge, seier han.

Spesielt indre strøk på Vestlandet får kjenne på nedbørsmengdene, opplys Teigen.

– Det byrjar i den sørlege delen av fylket, så beveg det seg nordover utover kvelden og natta. Det kan bli opp mot 20–30 millimeter regn på nokre timar, seier Teigen.

Mange tok turen til Fløyen for å nyte sommarvarmen i Bergen fredag Foto: Jannica Luoto

Vidare inn i neste veke fortel Teigen at det blir regnbyer på måndag. Før det tysdag kjem inn ein ny front med regn og regnbyer. Onsdag dreier vêret til frå vest, og det blir regnbyer.

– Men inn mot neste helg kan det bli ein, kanskje to-tre dagar med sol og høgare temperaturar, seier han.

Publisert
  1. Bergen
  2. Tur
  3. Fløibanen
  4. Vær
  5. Tid
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent

Les mer om dette temaet

  1. – Au. Sol i auga, og hovudet dundrar. Er det berre eg som vert stressa av fint vêr?

  2. Dette skjer med klima­utslipp når «alle» skal på norgesferie

  3. Endeleg ein god nyheit frå meteorologen

BT anbefaler

Nå kan mange sjekke selv om de er korona-immune

11.000 vestlendinger får denne uken mulighet til å sjekke om de er immune mot koronaviruset.

LES SAKEN