Kollega: - Heilt forferdeleg

Sjåfør Jan Erik Skaar har sjølv vorte truga på livet av ein rabiat passasjer.

Publisert:

EIGNE ERFARINGAR: Jan Erik Skaar har køyrt buss sidan 1999, og vart sjølv truga på livet for nokre månader sidan. Søndag køyrde han 80-bussen frå den avsperra haldeplassen på Birkelundstoppen. Foto: Eystein Røssum

– Det er forferdeleg når slikt skjer, seier han om angrepet på kollegaen.

Skaar hadde morgonvakt på 80-bussen søndag, og møtte politifolk og sperreband då han kom til Birkelundstoppen. Blodspor på asfalten og kriminalteknikarar i blå skoposar vitna om dramaet som kort tid tidlegare hadde utspelt seg på haldeplassen.

– Det er heilt forferdeleg, seier Skaar om det som har hendt.

Birkelundstoppen er endehaldeplass for linje 2 - trolleybussen. Den vesle bua som offeret var inne i har både kvilerom og toalett som sjåførane brukar, og ligg nokre få meter frå busskuret.

Les også

Bussjåfør alvorleg skadd etter angrep på Birkelundstoppen

– Hadde gått på feil buss

Skaar har sjølv vorte truga på livet av ein passasjer, for berre nokre månader sidan.

– Han hadde gått på feil buss, og det kunne jo ikkje eg vite. Han skreik han skulle drepe meg, slå meg helselaus. Slikt hender ikkje så ofte, og arbeidsgjevar er opptatt av at alle slike episodar skal varslast. Det er ubehageleg. Vi veit jo aldri kva slags folk vi får om bord. Men det går greitt med meg nå, seier Skaar.

Då BT møtte han søndag formiddag visste Skaar enno ikkje kven den alvorleg skadde kollegaen er.

VITNE: Vitne frå ein annan buss varsla politiet om valdsepisoda. Foto: Eystein Røssum

Stengde bussdørene

Det var vitne på en linje 80-buss som varsla politiet om valdsbruken.

Blant dei som fekk sjå valdsbruken var også barn. I etterkant fekk alle vitna tilbod om å få kome på Bergen legevakt.

– Vi tok imot to passasjerar her hos oss - ei mor med eit barn. Det gjekk bra med dei. Vi gjekk igjennom det dei hadde sett, og snakka litt om kva som er viktig å tenkje på etter slike hendingar, seier vaktlege Lars-Magne Sæbø ved Bergen legevakt.

Dei to sat på linje 80-bussen som kom til haldeplassen medan dramaet stod på. Den 59 år gamle kvinnelege sjåføren om bord skal ha reagert raskt.

– Dei skrytte veldig av sjåføren i bussen dei sat på, og av måten vedkomande hadde reagert på. Dørene til bussen vart stengt, og dei fekk forklart kva som vart gjort for å få tak i hjelp, seier Sæbø.

– Relativt forsvarslaus

Kommunikasjonssjef i Tide, Lubna Jaffery, seier at det i den store samanhengen er sjeldan at sjåførar blir angripne i forhold til kor mange avgangar selskapet har.

– Men når det skjer, sit sjåføren i ein situasjon der han er relativt forsvarslaus. No er dette ei politisak, og vi er opptekne av å vareta sjåføren, familien og kollegaene, seier Jaffery.

– Alvorleg skadd

Hovedverneombud Arne Rasmussen i Tide Buss seier at dei førebels veit svært lite.

– Ein av våre sjåførar er alvorleg skadd. Det ser alvorleg ut. Vernetenesta er til stades og tek seg av det praktiske og det kjenslemessige, seier Rasmussen.

Publisert: