• SJANSELAUS: Sitkagrana er framifrå i eit klimaperspektiv og har eit stort potensial i kommersiell skogsdrift. Samstundes er treet svartelista i Noreg, mykje på grunn av potensialet for spreiing. Her er sitkaen på veg til å bli flis på Lerøyna i Austrheim. FOTO: Tor Høvik

Frå sitkaskog til kystlynghei

Sitkagranen på Lerøyna er dødsdømd. Ubønhøyrleg tek maskina stadig nye jafs av ein skog som har stått i 30 år.