– Eg er så lei alle svindelbreva. Denne gongen bestemte eg meg for å prøve å ta dei.

Då Arild Solheim mottok endå ei rekning, fekk han nok.

TOK AFFÆRE: Arild Solheim bestemte seg for å gå i saumane på selskapet som sende han rekningar. EIRIK BREKKE

– Vi blir forsøkt svindla heile tida. Som oftast gjennom e-post, men når vi denne veka fekk ei rekning på nesten 4000 kroner for ei teneste vi aldri har bestilt, toppa det seg, fortel Solheim.

Han arbeider som kunde- og personalkoordinator i Pedagogisk Vikarsentral (PVS). I rekninga dei fekk sto det at dei skulda pengar til Radon vakten AS for ei «radonundersøking i henhold til arbeidsmiljølova».

– Vi har ikkje hatt noko radonundersøking. Eg ringde dei andre kontora våre rundt om i Norge, men ingen kjente til rekninga. Då ringde alarmbjellene, fortel Solheim.

Radon er ein usynleg, radioaktiv og luftfri gass som aukar faren for lungekreft

Tok saka i eigne hender

Solheim bestemte seg for å gå selskapet i saumane. Etter kvart dukka det opp fleire mistenkjelege ting.

– Det første eg la merke til var at rekninga var veldig generell. Det sto verken når eller kvar denne undersøkinga fann stad. For det andre var nettsidene merkelege. Kvifor skulle eit norsk radonselskap ha eit stort bilete av New York som bakgrunn på nettsidene sine? fortel Solheim.

Det aller mest mistenkelege var likevel at selskapet hevda dei hadde kontor i Lodin Lepps gate 2b i Bergen, medan postadressa deira gjekk til ein postboks i Lillestrøm.

– Eg ringde eigarane av bygget. Dei sa dei aldri hadde høyrt om Radon vakten AS, fortel Solheim.

Det er Realforum som eig bygget. Eigedomsforvaltar Christopher Johansen, stadfestar også overfor Bergens Tidende at dette stemmer.

– Det er blank løgn. Vi har ikkje noko leigekontrakt med Radon vakten AS.

RADONSELSKAP: Denne rekninga er blitt sendt rundt til bedrifter i heile landet. EIRIK BREKKE

Tok kontakt med Radon vakten AS

Då Solheim tok kontakt med selskapet, sa dei at det heile var ei stor misforståing, og at dei hadde sendt rekninga til feil selskap.

– Dei sa det nesten med ein gong. Det verka planlagt, fortel Solheim.

Det viser seg at PVS ikkje er det einaste selskapet som har teke imot rekningane frå Radon vakten AS. Fire andre bedrifter har klaga selskapet inn til Trygg Handel, berre i løp av den siste veka.

– Det er ganske mange klager på så kort tid. Spesielt med tanke på at selskapet blei oppretta 17. februar i år, seier informasjonsvarleg i Trygg Handel, Øyvind Waardal.

Vurderer å svarteliste selskapet

Trygg Handel arbeider mellom anna med å hindre svindelforsøk mot norske bedrifter, og fortel at denne typen svindel er svært vanleg, og svært lukrativ.

Dersom ein sender ut fleire tusen rekningar, treng berre nokre få prosent av dei å bli betalte, før ein sit igjen med ein bra sum.

– Historiene dei andre bedriftene fortel, samsvarer med den Solheim og PVS seier. Det er litt tidleg å trekke konklusjonar, men det verkar som dei sender ut rekningar til tilfeldige bedrifter, og satsar på at nokon få betaler dei. Når bedriftene klagar på rekninga, seier dei berre at rekninga er blitt sendt ved ein feil. Typisk svindeltriks, seier Waardal.

Trygg Handel har forsøkt å få kontakt med selskapet på vegner av sine kundar, men har ikkje fått noko svar.

Også Bergens Tidende har gjentatte gongar tatt kontakt med dagleg leiar og eigar av selskapet. Han tar ikkje telefonen og svarar ikkje på tekstmelding.

– Dersom vi ikkje får ei snarleg oppklaring, så vil vi svarteliste selskapet. Dette er ein svært vanleg form for svindel, som er vanskeleg å bli kvitt, men vi kan i alle fall bli kvitt dette svindelforsøket, seier Waardal.