Fredag kveld gjekk det eit større steinras ved fv. 271, vegen inn til den vesle bygda Tønjum i Lærdal.

Mark Brooks hadde huset fullt av gjester, då ein nabo ringde og fortalde at raset hadde råka morellhagane hans.

Såg berre skuggen

– Eg heiv meg i bilen for å sjå korleis det stod til, fortel Brooks til BT natt til laurdag.

– På vegen køyrde eg forbi fleire større steinblokker, men eg trudde sjølvsagt raset var over. Brått kom det ein stor skugge rett framfor bilen, og før eg rakk å tenkje meg om datt bilen ned i eit hol.

Skuggen var ei større steinblokk som streifa rett framfor Brooks. Hola bilen forsvann ned i, var der steinen trefte vegen før den dundra vidare.

Berre millimeter frå

– Eg veit ikkje eingong om eg rakk og tråkke på bremsa. Steinen var berre millimeter frå bilen, seier ein tydeleg opprørt Brooks.

Det var NRK som først omtalte saka.

Større steinras i Lærdal Foto: Privat

Brooks fortel vidare at han sprang ut av bilen, medan han høyrde det buldra og knaka frå fjellsida.

– Eg er vakse opp her og kjenner plassen godt. Eg visste om ein større stein 15 meter bak bilen og sat meg i dekning der, seier han.

Der blei han sitjande i sju-åtte minutt, heilt til han var sikker på at det hadde slutta å rase frå fjellsida.

– Eg måtte gråte

Då det var blitt stille rundt han, sprang han fram til bilen igjen.

– Eg hadde aldri trudd eg skulle få bilen opp igjen fra hola, men jammen gjekk det, seier Brooks.

– Akkurat der og då var eg verken redd eller skjelven. Men i timane etterpå har eg gråte mykje og slett ikkje hatt det så greitt. Eg er ein vaksen mann, men dette var ikkje noko kjekt, seier han.

Ingen personskade

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit, var tidleg ute å bekrefta at ingen personar blei skadd i ulykka.

– Men det er framleis for tidleg å seie noko om kor stort raset er. Då politiet kom fram på staden, var det for mørkt, seier han.

Brooks meiner det berre er flaks det ikkje gjekk liv tapt.

– Naboane hadde fest med huset fullt av folk. I tillegg til oss fastbuande, har eg innleigd hjelp til morell- og bærplukking. At folk er friske og fine er ei lette, for folk har berre vore meter frå steinblokkene, seier han.

– Vestlendingar er vant til at det rasar. Men av og litt kjem det altfor nært på.