• DRAUMKVED-DEBUT: – Eg har høyrd mange versjonar av «Draumkvedet» og kan kanskje tilføre noko av mitt. Men eg har mest fokus på å formidle historia, seier Sigrid Moldestad. Her fotografert då ho fekk Medaas-prisen i 2016. FOTO: Ørjan Deisz (arkiv)

– Det er viktig å gjere noko nytt

Laurdag skal Sigrid Moldestad framføre «Draumkvedet» for første gong. Men allereie i går starta ho «i arbeidslivet» på Hordaland Teater. – Det er eksotisk!