Nye smittetilfelle i fem vestlands­kommunar – fleire hundre i karantene

Korona-alarmen har gått fleire stader på Vestlandet denne helga.

Det går føre seg hektisk testing av personar som mistenkjer dei kan vere smitta av korona i vestlandskommunane. Her frå teststasjonen på Laksevåg i Bergen.
  • Ingvild Nave
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er 509 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt livesenter for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til livesenteret

Fleire hundre personar har blitt pålagt karantene på grunn av nye smittetilfelle i Vestland denne helga.

Søndag blei mellom anna 90 elevar ved Steinerskulen i Bergen sett i karantene, etter at ein tilsett testa positivt.

Det blei også påvist 10 nye smittetilfelle på NHH og UiB, i tillegg til at 25 studentar ved VID vitskapeleg høgskule er sett i karantene etter to smittetilfelle ved skulen.

13 personar er også sett i karantene etter at eit born i Klosteret barnehage fekk påvist covid-19.

Nøyaktig kor mange nye tilfelle som er registrert i Bergen i løpet av helga blir først kjent måndag, fordi kommunen kjem berre med oppdaterte tal på kvardagar.

  • Koronautbruddet direkte: Blodgiver i Bergen fikk påvist koronavirus etter å ha gitt blod
Alle elevar i åttande, niande og tiande klasse, samt første klasse på vidaregåande, er sett i karantene ved Steinerskulen i Bergen.

70 må i karantene på Stord

Stord kommune har dei siste tre dagane oppdaga fem nye smittetilfelle.

Så langt har 70 personar blitt sett i karantene fordi dei har vore i nærkontakt med ein eller fleire av dei smitta, melder avisa Sunnhordland.

Totalt er det no 12 personar som har testa positivt på covid-19.

39 av dei 70 er elevar ved Stord vidaregåande skule, der ein elev på idrettslina testa positivt fredag. To lærarar har fått påvist viruset, og to er sett i karantene.

Ein tilsett ved Kværner Stord testa også positivt på covid-19 i veka som var. Dei som har hatt kontorplass nær vedkomande er sendt i karantene.

Laurdag kveld fekk Stord kommune melding om at endå ein tilsett ved Kværner hadde testa positivt, melder dei på sine nettsider søndag. Nærkontaktane har fått beskjed, og vil bli testa.

Les også

Syv ansatte smittet: Haukeland vurderer å stramme inn på besøksordningen

Ein elev og to lærarar ved Stord vidaregåande skule har testa positivt på covid-19. 70 personar har fått beskjed om å gå i karantene denne helga.

Nytt smittetilfelle i Austevoll

Austevoll fekk også eit nytt smittetilfelle søndag. Det melde kommunen på sine nettsider.

– Personen det gjeld er sett i isolasjon, opplyser varaordførar Anja Heggholmen til lokalavisa Marsteinen.

Fire andre personar er sett i karantene. Kva som er smittekjelda er førebels ukjent.

Det er testa 106 personar i Austevoll denne veka, og kommunen ventar framleis på svar på tre av desse.

Koronaviruset har så langt ført til at bedrifta Blenæs Bygg har valt å stengje ned si verksemd etter at to tilsette blei sett i karantene.

Ein anna austevolling er i karantene etter eit sjukebesøk på Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Les også

Fem grunner til at Austevoll slo ned smitten raskt

Valde å isolere seg sjølv

Laurdag oppdaga Bjørnafjorden kommune eit nytt tilfelle av covid-19. Heldigvis hadde mannen som fekk påvist smitte allereie isolert seg på eige initiativ.

Årsaka var at symptoma han hadde minna om covid-19. Det at han sjølv isolerte seg har ført til at få må i karantene som følgje av smitta.

Mannen er i 20-åra, og smittevegen skal vere kjent, melder Bjørnafjorden kommune.

Assisterande kommunelese Jonas Nordvik Dale opplyser at alle nærkontaktar er varsla. Det er så langt påvist 22 tilfelle av viruset i Bjørnafjorden kommune.

Les også

– Hei, du har fått påvist covid-19

Ein ny smitta i Øygarden

Den siste kommunen som har meldt om nye tilfelle av covid-19 søndag er Øygarden.

To personar er sett i karantene som følgje av den positive prøva.

Totalt er det 60 personar som bur i Øygarden som har testa positivt på korona.

– Pr. no er 16 personar sendt i karantene, opplyser fungerande smittevernlege Bjørg Møllerbakken.

Publisert
  1. Koronaviruset
  2. Koronaviruset
  3. Karantene
  4. Austevoll
  5. Stord
BT anbefaler

Det var «vinn eller forsvinn». Nå har hun tapt gårds­striden for tredje gang.

Saken om Haugland bondegård har vært oppe i Høyesterett. Men også der tapte Malene Johnsen og naboen saken.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. Her satt han og gamet. Så ble rommet pepret med stein.

  2. Hemmelig super­stjerne skulle samle 45.000 mennesker på Dokken. Nå er det avlyst.

  3. Politiets søk går over i ny fase

  4. Trøbbelet for Bybanen er løst

  5. Øyvind oppdaget at en kjenning er antivakser. Hvordan skal han forholde seg til det?

  6. Helsedirektoratet mener Øygarden er i en kritisk situasjon. – Det var egentlig veldig udramatisk.