Snøen lava ned – to brøytebilar hamna i grøfta

Det vart meldt om glatte vegar fleire stader søndag kveld. Natt til måndag har mannskap vore ute og salta og brøyta.

Publisert:

DÅRLEG SIKT: Det var tett snøvêr og glatt fleire stader i bergensområdet søndag kveld. Foto: Silje Robinson

Når sjølv brøytebilen slit med å kome fram, er føret dårleg. Søndag kveld hamna to brøytebilsjåførar i grøfta.

Måndag morgon fekk ein buss trøbbel på fylkesveg 5158 ved Lysekloster. Bussen hamna på tvers av vegen og sperra for anna trafikk. Vegen vart stengt og bilbergar sendt ut.

– Ellers har det ikke kome nye meldingar frå bilistar om glatte vegar dei siste timane. Men det kan framleis vere glatt enkelte stader, spesielt på sidevegane, seier trafikkoperatør John Andreas Omdal i 05.30-tida måndag morgon.

Han seier det har vore krevjande forhold på vegane over heile Vestlandet søndag kveld og natt til måndag. Klokka 03.30 melde mannskapa sjølve at det var svært glatt i Kolltveit-området, og det vart sett inn ein ekstra strøbil.

Åsaka til dei vanskelege køyreforholda er at nedbøren vaska vekk saltet, så klarna det opp og fraus på, og vart glatt.

– Vanskelege køyreforhold

Søndag kveld fekk politiet melding om at ein brøytebil låg utanfor køyrebana i Bontveitvegen på Kalandseidet.

I GRØFTA: Sjåføren av bilen som velta i Bontveitvegen kom seg ut på eiga hand, og skal vere medviten. Foto: Silje Robinson

Ambulanse og brannvesen rykka ut til staden.

– Brøytebilen ligg på sida. Føraren skal ha kome seg ut, opplyser vaktkommandør Morten Frantzen ved 110-sentralen.

Politiet opplyser om at ambulansepersonell har kontakt med føraren av brøytebilen, og at han skal vere oppegåande.

Klokka 20.40 var bilbergar bestilt.

– Vi gir oss på staden no, og det blir ikkje oppretta sak. Det er meldt om veldig vanskelege køyreforhold på staden, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Dan Erik Johannessen.

LIGG PÅ SIDA: Både denne brøytebilen i Bontveitvegen, og den andre brøytebilen som hamna utfor vegen i Os søndag kveld, har velta. Foto: Silje Robinson

Ny brøytebil kvelva

Rundt ein time seinare small det for nok ein brøytebilsjåfør.

Brannvesenet fekk klokka 20.06 melding om at ein brøytebil hadde køyrt av vegen og låg på sida utanfor eit bustadhus i Sørstrøno i Hagavik på Os.

– Føraren er ute av bilen og naudetatane er på veg, fortalde vaktkommandør i brannvesenet, Morten Frantzen.

Også denne sjåføren slapp unna med mindre skader etter uhellet. Han blei frakta til legevakta for kontroll.

– Det er også her meldt om at det er frykteleg glatt, fortel Johannessen i politiet.

Fylkesveg 5154 vil bli stengt i rundt ein og ein halv time frå klokka 23.00 på grunn av bilberging, melder Vegtrafikksentralen.

GLATT FLEIRE STADER: Det er meldt om glatte vegar både på Kalandeide, Askøy og Os. Foto: Silje Robinson

Isbil velta i elv

Også andre stader er det meldt om glatte vegar.

Ein BT-lesar åtvarar i Facebook-gruppa «Trafikkmeldinger på Vestlandet» om at det også er glatt fleire stader på Askøy.

Tidlegare søndag velta også ein isbil og hamna på taket i ei elv i Åsane.

Også Vegtrafikksentralen åtvarar mot glatte vegar, og fortel at alle strøbilar er ute:

Publisert: