Sveinung Valle vert leiar i Hordaland Ap

Tidlegare statssekretær og bonde Sveinung Valle frå Lindås vert ny leiar i Hordaland Arbeidarparti.

Publisert Publisert
  • Olav Garvik
iconDenne artikkelen er over 11 år gammel

50-åringen frå Seim er innstilt av ein samrøystes valkomite. På årsmøtet til helga overtek han dermed leiarklubba etter stortingsrepresentant Per Rune Henriksen som har bedt om avløysing. Han har vore leiar i seks år.

Sveinung Valle er ein røynd organisasjonsmann og politikar. Han var leiar i Hordaland Bondelag då han våren 2000 fekk spørsmål om å dra til Oslo for å bli statssekretær i Landbruksdepartementet med Bjarne Håkon Hanssen som sjef.

— Men det var statsråd Dag Terje Andersen som rekrutterte meg og sørgde for å melda meg inn i Arbeidarpartiet under ei vitjing i Bergen i 1997, fortel Valle til bt.no.

Han er no leiar i Lindås Arbeidarparti, og er dessutan medlem av kommunestyret og formannskapet i Lindås. I førre periode møtte han fast i fylkestinget. I tillegg er han styreleiar i Nordhordlandspakken AS som arbeidar for å betra vegsambanda i nordhordlandskommunane, om så er med mest mogleg bompengefinansiering.

Sveinung Valle dreiv med mjølkekyr i mange år, men har no gått over til kjøttproduksjon.

Som ny leiar i Hordaland Arbeidarparti får han hovudansvaret for å organisera valkampen i haust.

— Vil det ikkje vera best, på alle måtar, å få ei rein Ap-regjering etter valet?

— Nei, målet er å køyra vidare på det raud-grøne alternativet.

— Dei som opp gjennom åra har vore valde som leiarar i Hordaland Ap har etterpå nesten utan unntak hamna på Stortinget?

— Eg går ikkje med slike planar. Eg er heller ingen ungdom lenger, seier han.

Jette Christensen (25) frå Bergen er innstilt som ny nestleiar i fylkespartiet.

Publisert

Sakene flest leser nå

  1. For 131 år siden var det et luksushotell. Et samboerpar på jobbjakt har lagt store planer.

  2. Lange køer da «alle» skulle hjem samtidig etter pinsen

  3. Magne gikk tom for strøm – ble nektet på bussen

  4. – Vi har et stort problem. Han sier han har drept moren sin og trenger hjelp til å fjerne henne.

  5. Fjorden fylles opp med gigantskip: – Ikke hyggelig å våkne til denne utsikten

  6. Sønnen (20) godtok fengsling: Dette mener politiet om hvordan moren ble drept