Mannskaper skal vokte brannområdet

Kraftig vind skapte vanskar for sløkkingsarbeidet, men nå har brannvesenet kontroll.

TIL FJELLS: Brannen starta nede i skogen og kraup etter kvart opp i lyngen i fjellet. Der gjekk mannskap laus på flammane med pisk. 2211-TIPSER

Siste: Mannskapa har kontroll på skogbrannen, men setter ut vaktar gjennom natta.

Sløkkingshelikopteret rakk fram, men ble aldri satt inn i sløkkingsarbeidet.

Laurdag ettermiddag brenn det i Lavikdalen, nord for Sognefjorden.

– Det bles kraftig, det er utfordringa no, seier operasjonsleiar Espen Gullaksen i Vest politidistrikt.

Politiet er på staden saman med brannmannskap.

Politiet fekk melding om brannen klokka 14.54. Området som brenn ligg i Lavikdalen nord for Lavik sentrum.

Brannmannskapa slåst mot elden med pisking – det vil seie at dei går i terrenget og slår på flammane.

Klokka 16.30 melde operatøren på 110-sentralen at brannen dekkjer eit område på åtte dekar.

Eit mannskap på oppunder 30 frå Høyanger, Hyllestad og Sivilforsvaret deltek i sløkkinga. Mannskapa frå Sivilforsvaret er på veg til brannområdet.

– Heldigvis bles den kraftige vinden i riktig retning, bort frå bygningar på staden, seier Frode Eide.

Brannen har spreidd seg, men litt før klokka 18 kan ikkje vaktleiar på 110-sentralen anslå kor stort areal han dekkjer.

Elden starta nede i skogen, men klatra til fjells. Skogbrannen er etter kvart blitt ein lyngbrann.

Eit sløkkingshelikopter er på veg frå Trondheim for å hjelpe mannskapa. I vindkasta er det vanskeleg å få kontroll på flammane med berre piskinga. Helikopteret er venta rundt klokka 18.

– Skogbrann i oktober må vere sjeldan?

– Ja, det er svært sjeldan kost. Men brannfaren er høg, særleg når det bles slik som i dag. Det er knusk tørt i terrenget etter fleire veker utan nedbør, seier Eide.