Kvinne omkom i trafikkulukke på Bømlo

Bilen køyrde av vegen og gjennom eit støygjerde.

Publisert:

GJENNOM GJERDET: Bilen har køyrt av vegen og gjennom eit gjerde før den stansa nokre titals meter lengre ned. Foto: OLE ALEXANDER SAUE / SUNNHORDLAND.NO

Klokka 17.36 i ettermiddag fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrt av vegen like før Rubbestadneset på Bømlo.

– Det blei raskt klart at dette var snakk om ei alvorleg ulukke. Det var store skader, fortel operasjonsleiar i politiet, Tore Frøysland Jensen.

Brannvesen og ambulanse var først på staden. Ulukka skjedde på fylkesveg 541 like før Rubbestadneset.

– Ho har køyrt av vegen, gjennom eit støygjerde og ut i skogen på den andre sida. Det er vanskeleg å anslå nøyaktig, men ut ifrå oversiktsbiletet frå staden står bilen både 30-40 meter forbi gjerdet, fortel Jensen.

Like etter klokka 19.00 i kveld stadfesta politiet at kvinna i 50-åra er omkomen.

Køyrde gjennom eit støygjerde

Ho var aleine i bilen då ulukka skjedde. Ingen andre bilar var involvert.

– Det har ikkje blitt forsøkt livredning på staden. Då naudetatane kom blei det raskt avklart at skadane ikkje var i samsvar med liv, seier Jensen.

Det var ein forbipasserande som varsla politiet.

– Vitnet melde til oss at ho såg bilen i grøfta, seier politiet.

Pårørande tatt hand om av helsepersonell

Familien til kvinna er varsla om ulukka.

– Dei er informert, og blir tatt hand om av helsepersonell. Dei møtte oss ved ulukkesstaden, seier Jensen.

Vidare utover kvelden vil det blir gjort kriminaltekniske undersøkingar på staden.

– Det skal vere eit vitne som såg bilen køyre av vegen. Vi vil gjennomføre avhøyr og taktisk etterforsking i kveld og dagane framover, fortel Jensen.

Statens vegvesen si ulukkesgruppe er også på staden.

Publisert: