- Blir behandla som Nordsjødykkarane

Det er på tide at Helge Lund og Co tek til vettet, meiner hovudtillitsvalt Per Helge Ødegård frå Lederne.

Publisert Publisert

STREIKAR: Nokre dreg ut, medan andre må vere heime. - Det er veldig destruktivt å ikkje verta høyrt, og folk er mildt sagt forbanna der ute, seier kommunikasjonsleiar i Lederne, Sverre Simen Hov (til v.). Saman med Per Helge Ødegård og Terje Herland frå Lederne samt Geir Nilsen frå Industri Energi, delte han ut streikeinformasjon på Flesland i går. Foto: TOR HØVIK

  • Guro Valland
  • Ogne Øyehaug
iconDenne artikkelen er over åtte år gammel

— Me blir behandla akkurat som dykkarane blei på 70-talet, og me finn oss ikkje i det. Me fortener ein verdig avgang, men bruk og kast-mentaliteten som pensjonskuttet faktisk vitnar om, tilseier det totalt motsette, fortel Ødegård.

- Går på helsa laus

I går føremiddag blåste det kaldt rundt han og andre streikevakter på Flesland.

Les også

Nervekrig om lønnsnemnd

Situasjonen dei no står midt oppi, fekk det til å gå heitt for seg.— Dei tek frå oss pensjonen vår, og det er rett og slett vanskeleg å halde ut. Me jobbar særs tunge skift og folk får helseproblem av alt slitet. Det er nær sagt umogleg å arbeide til me blir 65 år, seier hovudtillitsvalt i Lederne, Terje Herland.

Allereie lukrativt

Jan Hodneland, forhandlingsleiar i Oljeindustriens Landsforening (OLF), som er motpart til oljearbeidarane, meinte at pensjonskrava frå Industri Energi, SAFE og Lederne var fullstendig urimelege.

Han viste også til at dei tilsette i oljeselskapa har ei gjennomsnittsinntekt på ein million kroner og ein pensjonsalder på 65 år, og at dette allereie gjer dei til Noreg sine pensjonsvinnarar.

Dette er dei streikande totalt ueinige i.

- Kynisk utspel

— At OLF kallar oss for lønsadelen er direkte lygn, for grunnløna vår er på totalt 590.000 kroner i året. Derimot er det slik at arbeidsgjevar tvinger folk til å arbeide overtid, og det kan gje utslag i løn opp mot millionen. Det er slik metoden deira er, fortel Ødegård frå Lederne, og legg til:

— Utspelet frå OLF er veldig kynisk og vitnar om at dei ynskjer å få sympati i det offentlege rom.

Statoil si avgjerd om å stenge produksjonen på Veslefrikk, Brage og Oseberg C, vil nærast pressa dei streikande ut i tvungen lønsnemnd, meiner Ødegård.

— Statoil hadde fått innvilga dispensasjon viss dei hadde søkt om å få halda plattformane opne. Men det gjorde dei ikkje, og for oss betyr det at dei spekulerer i tvungen lønsnemnd. Det er på tide at ein tek til vettet, seier Ødegård.

Publisert