• KRITISK: Det tok 2,5 time før sjøtrafikksentralen greidde å få kontakt med kystvaktskipet «Andenes» utanfor Sveio ei haustnatt i 2016. Korkje VHF eller telefonar fungerte som dei skulle. På biletet kystvaktskipet KV Andenes (bak) og framme Stridsbåt 90 på veg inn indre Oslofjorden under ei øving tidleg på 2000-talet. FOTO: Rusten, Ole Berg

Gamle synder blir granska etter «Helge Ingstad»-ulykka

VHF-radio som ikkje fungerer, skipstelefonar med flatt batteri, varsling som blir gløymt. Havarikommisjonen ser på tidlegare regelbrot etter «Helge Ingstad»-ulykka.